Nyt snøen, over helga kjem regnet

Været

Snøfallet i helga gav oss berre eit kort glimt av kong Vinter. Over helga vil nedbøren kome som regn, skal vi tru tekstvarselet til Yr for dei komande dagane.

Men før vi kjem så langt vil vêrbiletet i morgon, søndag, vere dominert av vestleg liten til stiv kuling på kysten. Viden vil dreie mot nord i løpet av formiddagen og det vil bli snøbyger.

Måndag fortset vinden og det vil framles kome enkelte snøbyger. På kysten av Sunnmøre er det meldt opp til stiv kuling måndagskvelden og opphaldsvêr.

Tysdagen skyar det til og nedbøren vil kome som regn i låglandet.