Ventar kraftige vindkast

Været

Det er venta aukande vind på Sunnmøre frå tysdag ettermiddag. Yr.no har lagt ut to gule farevarsel for vind, der det første gjeld kraftige vindkast i Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre. Vinden skal auke på frå 14:00 og utover og det er venta lokale vindkast på mellom 30–35 m/s, samt endå kraftigare vind ved Stad.

For onsdag er det sendt ut varsel for heile Møre og Romsdal, der ein ventar vindkast frå sørvest som lokalt kan kome opp i 30–37 ms/s. Vinden vil minke frå kvelden av.