Vårvêr i låglandet – framleis kraftig vind på kysten

Været

Medan Sør-Noreg opplever uvanleg høge temperaturar, held den kraftige vinden i vest og nord fram med ein liten pause inn mot helga.

Plussgrader heilt opp til Finnmark gir endå ein mild dag i det nye året. Natt til onsdag var det 14 varmegrader på Åndalsnes. Fleire stader har det vore målt temperaturar over 10 grader.

– Det er uvanleg mildt, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss til NTB.

Med vårlege temperaturar i låglandet og kraftig vind i vest og nord held veka fram med ein kø av lågtrykk og uroleg vêr.

Kraftig vind gir innstilte ferjer

Uvanleg sterk vind fører til innstilte ferjer og forseinkingar i båttrafikken fleire stader på kysten. Ferjeselskapet FosenNamsos Sjø har sett inn buss for båt mellom anna på strekninga Kristiansund til Trondheim, melder Adresseavisen.

I Kristiansund måtte brannvesenet rykkja ut for å sikra takplater som byrja å losna frå eit kjøpesenter.

Meteorologisk institutt åtvarar om storm held fram med ein styrke i kasta på opp mot 35 til 38 meter i sekundet både i Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland. Den sterke vinden vil halda fram i områda nord mot Helgeland før vinden roar seg utpå dagen torsdag.

– Sør- og Austlandet ser ut til å ha sloppe unna det verste, men Østfold har hatt uvanleg mykje vind denne gongen, seier Gislefoss.

Fleire av fjellovergangane i Sør-Noreg er stengde eller har kolonnekøyring på grunn av storm og snøfokk.

Snøskredfare

Vinden vil fleire stader spakna gjennom torsdagen og ta ein pause opp mot helga før det blæs opp att laurdag.

Det er lurt å vera forsiktig for folk som trassar vinden og vågar seg ut i terrenget. NVE melder om betydeleg fare for snøskred i Sør-Noreg og Nordland. På Svalbard er varselet oppjustert til stor snøskredfare.

Medan Austlandet kan få periodar med sol i dagane som kjem, blir det grått og fuktig vêr i det meste av landet elles. Lengst nord kan nedbøren koma som snø. Her vil òg temperaturane gå ned.

På Austlandet kan folk nyta opphaldsvêr og kjøligare temperaturar fredag medan laurdag igjen vil by på gråvêr.