Meir vind i vente

Det er venta kraftig vind på kysten natt til laurdag.   Foto: Yr.no

Været

Meteorologane ved Yr.no melder om storm natt til laurdag. Etter meldingane vil det blåse godt på store delar av Vestlandet, men det ser ut til at den sterkaste vinden vil kome i området ved Stad. Utsette stadar er det venta vindkast opp mot 30-35 m/s.

Vinden skal minke frå laurdag ettermiddag.

Det er også venta ein god del nedbør i helga, spesielt laurdag. Nedbøren ser også ut til å prege den komande veka, før det kan sjå ut til å kome noko lettare vêr inn mot neste helg, ifølgje langtidsvarselet for Hareidlandet.



Kreditering: Yr.no