Rekordflo kan råke ferjetrafikken frå og med måndag kveld

Det er ikkje så lenge sidan sist floa var svært høg. Her er eit knips frå måndag 13. januar i år - frå Hjørungavåg.  Foto: Tipsar.

Været

Den varsla rekordfloa måndag og tysdag kan kome til å råke ferjetrafikken. Det skriv redningsleiinga i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Redningsleiinga hadde måndag morgon eit møte for å drøfte situasjonen og eventuelle tiltak som burde setjast i verk.

– Med springflo på det nivået som er varsla, kan vi risikere at ferjene enkelte stader ikkje greier å leggje til kai. Dei som er avhengige av ferje for å nå tak i helsehjelp, bør difor ta kontakt med AMK-sentralen dersom dei fryktar at dei kan få behov for snarleg hjelp, seier stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt.

I helsesektoren er ein spesielt oppteken av at publikum ikkje må vente for lenge med å ta kontakt.

– Dersom ein ventar for lenge kan handlingsrommet til helsevesenet plutseleg bli for lite, seier Sætre.

– Sjekk fortøyingane

Redningsleiinga består av representantar frå naudetatane og ei rekkje andre samarbeidande organisasjonar.

– Redningsleiinga ønskjer også å minne dei som har båt liggande på sjøen om å sjekke fortøyingane og å sikre lause gjenstandar. Vidare er det nokre huseigarar som bør setje i verk tiltak mot vassinntrenging, seier Sætre.

Måndag morgon blei det meldt at det kan bli rekordhøg vasstand i Ålesund måndag kveld - i tidsrommet 23 til 03 - og tilsvarande i Kristiansund, tysdag frå klokka 11 til 15. Farenivået er sett til raudt både i Ålesund og Kristiansund i begge desse tidsroma.