Sjå bilete frå stormfloa i Ulstein og Hareid

Været

Like etter midnatt tysdag var det mykje folk å sjå i bybiletet i Ulsteinvik. Mange hadde nemleg tatt turen for å sjå utviklinga til den varsla stormfloa, som var meldt til å bli svært høg. No blei ikkje floa fullt så høg som frykta, men det var like fullt mektig å sjå vatnet som gradvis vaks seg opp og inn over fortau og kaier.