Vindfulle dagar i vente

Det er sendt ut gult farevarsel på grunn av sterk vind måndag og tysdag denne veka.  Foto: Arkiv / Jorulf Myrene

Været

Starten på denne veka ser ut til å verte av det meir forblåste slaget. Ut på dagen i dag, måndag 23. mars, er det meldt opptil liten storm på Søre Sunnmøre. Tidlegare på dag er det meldt sør til sørvest stiv kuling utsette stader og elles sterk kuling. Det er venta vindkast på opp til 25 til 35 meter i sekundet utsette stader

Tysdagen held vêret fram på same viset ifølgje meldingane, med sør eller sørvest stiv kuling utsette stader, og på Sunnmøre sterk kuling eller liten storm utsette stader.

Onsdag ser det ut til at vinden skal løye. Då melder meteorologane sør eller sørvest stiv kuling først på dagen, men minkande til frisk bris onsdag ettermiddag.

På grunn av vinden har meteorologane sendt ut gult farevarsel for måndag og tysdag. Gult er den lågaste kategorien.