Åtvarar mot vindkast

Det er sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast i Møre og Romsdal for fredag ettermiddag og kveld. 

Været

Fredag ettermiddag og kveld er det venta vind med kraftige vindkast langs store deler av Vestlandskysten. Det er mellom anna sendt ut gult farevarsel for Møre og Romsdal.

Det er venta vind frå sør-søraust der ein lokalt kan få kraftige vindkast opp mot 25–28 m/s. Vinden er venta å vere verst i indre strok og i fjellet.