Regnet tek ikkje ferie

Regnet tek ikkje ferie. 

Været

Regnet kjem ikkje til å ta fellesferie, skal vi tru meteorologane. Vi er i ferd med å legge bak oss ei helg som har vore prega av uvanleg kraftige regnbyger. Det kan sjå ut til at bygeveret vil gi seg noko i løpet av søndag ettermiddag. Yr.no lovar i alle fall lettare vêr ut på ettermiddagen, først i ytre strok.

Måndag er det meldt skiftande bris, bris frå aust om kvelden. Det vert skya, men stort sett opphaldsvêr. Om kvelden kjem det likevel litt regn som breier seg frå sør.

Tysdag er det også meldt skiftande bris og for det meste skya. Det vert perioder med regn.