Nyt sola før regnet tek over

Det fine vêret laurdagen starta med ser ikkje ut til å vare og allereie til kvelden kan det kome inn nedbør over søre Sunnmøre.  

Været

Det har vore ein flott start på helga med både sol og bra temperatur på søre Sunnmøre. Dessverre ser det ikkje ut til at finvêret skal vare og allereie laurdag kveld kan dei første regnbyene dukke opp.

Det kan dermed vere lurt å utnytte opphaldsvêret medan vi har det, for frå søndag og utover den komande veka ser det ut til å bli ein våtare vêrtype og noko kjøligare enn i helga.

Ifølgje langtidsvarselet til yr.no er det truleg søndagen som blir våtast, men det er venta nedbør til og med onsdag. Deretter kan det igjen vere håp om lettare vêr og om stigande temperaturar inn mot helga. For etter at temperaturen kan kome ned mot 10 grader i starten på den komande veka, ser det ut til at ein igjen kan kome til å avslutte veka med godt opp på 20-talet.