Kan bli snø over natta

Frå onsdag kveld kan det vere fare for snø også i lågareliggande strok. Det er venta mykje nedbør frå onsdag kveld til torsdag føremiddag og dette kan kome som sludd eller snø.  

Været

Det er sendt ut gult farevarsel for snø for både Møre og Romsdal, Nordfjord og Trøndelag. På yr.no skriv Meteorologisk institutt at det frå 100–200 meter kan kome mellom 20–40 centimeter snø torsdag. Det er venta store lokale variasjonar, men ifølgje farevarselet er det i Møre og Romsdal ein ventar mest nedbør og spesielt i fjellet.