Meir vind i vente

Frå fredag kveld er det venta kraftig vind frå sørleg retning. Ved Stad kan vinden kome opp i orkan styrke.  

Været

Så seint som torsdag var det kraftig vind på Sunnmøre. Det enda mellom anna med at beslag vart rive av taket hjå Kongsberg Maritime i Hjørungavåg. Det dårlege vêret førte også til innstillingar både på hurtigbåten og på ferjesambandet Hareid - Sulesund.