Varslar snø i høgda

Den komande veka kan det bli snø også på dei høgaste toppane på Hareidlandet. Biletet syner Vassdalstinden og dei andre toppane på Kolåshalvøya.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Været

Etter ein mild laurdag med temperaturar rundt 17 varmegrader, vil veret snu dei komande dagane. Frå tysdag kan det kome snø på dei høgaste toppane på Hareidlandet, i følgje langtidsvarselet til Yr.no. Dei varslar at nedbøren vil kome som sludd og snø på toppar som ligg over 550 - 600 meter.