Litt mildare, så kjølegare igjen

Vinterleg på Fjellsbrekkene søndag. Truleg blir det ikkje fullt så låg snøgrense dei komande dagane, men inn mot neste helg ser temperaturane igjen ut til å krype nedover.  

Været

Natt til søndag har snøgrensa krope langt nedover i fjella på Hareidlandet. Ting kan tyde på at vinteren kan vere i ferd med å melde seg, men ifølgje langtidsvarselet frå Yr.no ser det ikkje ut til å bli snø i låglandet dei første dagane.