Snart kjem snøen

Torsdag og fredag kan vi vente oss sludd- og snøbyger.  Foto: Arkiv / Linda Eikrem

Været

Torsdag kan vi vente oss periodar med snøbyger her i Møre og Romsdal, melder Meteorologisk institutt. Dei store snømengdene er det ikkje snakk om for ytre søre Sunnmøre, men lokalt kan det kome mellom fem og tjue centimeter med snø i løpet av 24 timar på Sunnmøre. Lenger nord i fylket og i fjellet er det venta meir snø.