Du trudde kanskje at du feira norsk jul? Då bør du titte nærmare på handlelista og varedeklarasjonen på det du har kjøpt av mat denne veka. Lene Havåg meiner at om lag halvparten av matvarene i Noreg er importert og at mykje av det slett ikkje har så god kvalitet som norske varer.

– Norsk mat er veldig trygg, seier Lene.

– Når det finst så mykje god norsk ost, til dømes, kvifor kjøper vi då utanlandsk? Det er mykje større bruk av antibiotika i dyrehaldet i utlandet, og meir sprøytemiddel på frukt- og grønsaker, seier ho.

I overkant interesserte i mat

Lene Havåg frå Rosendal og Øyvind Havåg frå Eiksund slo seg ned på Kleppane på Leikong for vel eit år sidan. Den eine er kokk og den andre tømrar. Begge er i overkant interesserte i mat.

I eit hundre år gammalt hus, med hage heilt ned til sjøen, driv dei detektivarbeid etter norsk mat og lokale matprodusentar. Det heile starta i fjor sommar.

– Vi følte oss rett og slett litt lurt. Vi trudde vi åt mykje norsk mat, men vi oppdaga noko anna når vi såg nærare på det vi kjøpte i butikken. Mange matvarer er merka som om dei er norske, men så viser det seg at dei ikkje er det, seier Lene.

Korn til mjøl, til dømes, kjem frå utlandet hos dei store mjølprodusentane her i Noreg, fortel ho.

Redninga for å få graut til treåringen Helle vart mjølprodusenten Mylnå i Volda og andre småprodusentar. Men lokalt produserte mat er vanskeleg å finne på Sunnmøre og jakta på norske råvarer heldt fram.

– Vi begynte å forske på dette med norsk mat, fortel Lene.

«Prosjekt Norges matfat»

Resultatet vart oppstart av «Prosjekt Norges matfat» I eit år framover vil familien frå Leikong prøve om det er mogeleg å ete berre norsk mat gjennom alle sesongane. Prosjektet kan du følgje på Lene sin blogg «norgesmatfat.no» og på Facebook og Instagram. Prosjektet har alt fått mykje merksemd i nettverda. «Spennande» og «inspirerande», er tilbakemeldingane til familien Havåg.

Det store spørsmålet no er berre korleis dei skal klare seg gjennom jula.

– Jula er ikkje det verste, seier Lene.

– Det er ein periode av året som er prega av norske mattradisjonar.

Pinnekjøtet er frå villsauer på Uksnøya og svineribba frå utegåande grisar i Valdres. Surkålen er sjølvlaga og sjølvsagt av norsk kål. Môren er frå Brudevoll.

– Vi har gjort nokre få unntak frå regelen om at alt skal vere norsk, medgir Lene. – Brudevollmôr er lokal mat og god lokal handverkstradisjon, då kunne vi ikkje stryke det frå lista berre fordi det var litt krydder i.

Krydder, sukker og kaffi er difor unntaka frå regelen om norsk mat. Øl blir også brygga av utanlandsk korn, men har kome inn under unntaka.

Lene har ingen planar om å sprekke når det gjeld noko anna denne jula, sjølv om både sjokolade, godteri og utanlandsk frukt er forbode. Men ho gler seg veldig til småkakene.

– Eg har i grunnen aldri brydd meg om julekaker, det har alltid vore så mykje anna godt å ete i jula.

Fløyelsgraut på julaftan

Men i år står dei tørre kjeksa i eit heilt anna lys. Lene kan nesten ikkje vente. Ho har forska litt på kva som var dei opphavlege sju sortane, og kva for nokre av desse ho kan bake til ei heilnorsk jul. Serinakakene går ut, dei er det mandel i. Det same gjeld sandkaker. Men strull, eit slags rømmekjeks som liknar litt på krumkaker, har gått gjennom nålauget. Det same gjer Berlinerkransar, trass i det utanlandske namnet.

Men risengrynsgrauten må vike. I staden har familien planar om fløyelsgraut julaftan formiddag. Ein graut av fint kveitemjøl som er ny for familien Havåg, men som gir stjerner i blikket når ho fortel om den til eldre generasjonar.

Og desserten på julaftan blir ikkje riskrem som vanleg. Lene planlegg å lage ein slags fløytepudding med bringebærsaus frå «Gode greier» på Dimnøya.

Å vere erfaren kokk må vere ein fordel i dette matprosjektet, men Lene understrekar at Øyvind bidreg med sine ting, som salting og tørking av saueribbe til pinnekjøt, sviing av saudehaud og fisking.

– Vi er eit godt team i lag, seier ho.

Lene er likevel sjølvoppnemnd prosjektleiar. Ho er heime i svangerskapspermisjon med 2 månader gamle Levi.

– Mange har spurt meg om dette prosjektet hadde vore mogeleg å gjennomføre om eg ikkje hadde hatt permisjon. Det hadde det, i vår familie har vi alltid brukt mykje tid på mat. Men eg hadde nok ikkje hatt tid til å blogge, slik som eg gjer no. Det å lage ei fin nettside, ta foto og skrive artiklar tek mykje tid.

– Visste du at det vert produsert salt i Noreg?

– Det fløymer over av ting og mat i Noreg

Lene fortel at ho har funne ein produsent av havsalt på Mørekysten. Problemet er berre at det ikkje er å få kjøpt i butikkane på Sunnmøre. Løysinga blir å handle på nett og få varene på døra.

Ho vedgår at fokuset på norsk mat kan koste litt.

– Vi har brukt mykje pengar på mat dei siste 2 månadane, men eg trur at det i løpet av året vil jamne seg ut og at det ikkje vil bli dyrare enn vanleg kosthald.

Familien på fire har litt å leve av utover vinteren. Potetene frå andelsbruket Gjerdsbakken ligg saman med kålrot og gulrot til lagring på låven. Bær er sylta ned og frysa er full.

Håpet er at dei norske epla og pærene som er kjøpt inn i stor skala, skal halde forma til over jul. Elles blir det ikkje frisk frukt før til hausten.

– Det fløymer over av ting og mat i Noreg. Heile desember har blitt til ein fest og ein er lei før jula har begynt, seier Lene.

Med det norske matprosjektet vil ho tilbake til då jul var jul og sommar var sommar. Og ein ikkje åt friske jordbær heile året.

– Kan du tenke deg den kjensla det var når ein ikkje hadde ete ferske grønsaker eller frukt på mange månader, og den første rabarbraen kom om våren? Den kjensla har eg lyst å ha.

Men først skal Lene ta julekake-gleda tilbake. Havreflarnen med lokalt produsert havregryn av norsk havre står alt på bordet.