Offisielt var siste arbeidsdag i romjula, men Ottar har takka ja til å stå nokre vakter fram til og med februar månad.

– Eg kjenner no at eg er klar for å bli pensjonist. Eg hadde hatt lov til å halde fram litt lenger om eg ville, men ut ifrå totalsituasjonen ser eg fram til å bli pensjonist, seier Ottar Grimstad.

– Ferierte på Hareid

Ottar blei født på Betanien Sykehus i Bergen, og hadde dei fyrste barneåra sine på Skånevik i Sunnhordland.

Då han var tre år gammal flytta familien til Ålesund. Faren Arne var lærar på ein skule der, gav ut lokalavis og var med i lokalpolitikken. Så søkte faren jobb i NRK, og familien flytta til Oslo.

– Hareid var staden der vi alltid var på ferie, til dømes opptil fleire veker på somrane. Eg har sjølvsagt mykje slekt her, og hadde fleire vener her også før eg flytta hit som vaksen, fortel Ottar.

I Oslo blei Ottar fram til han som ung nyutdanna lege flytta tilbake til bygda der han hadde feriert så mykje, og hadde mykje familie.

– Eg var først i praksis i Lærdal i Sogn, og søkte meg så inn på distriktsturnusplass i Ørsta. Eg tenkte det kunne vere greitt å vere i nærleiken av Hareid. Men så blei det i staden til at eg fekk turnusplass på Hareid.

– Ein magisk augneblink

Sommaren 1975 flytta Ottar, kona Tone og dei to eldste borna deira, til Hareid.

– Eg hugsar det som om det skulle vore i går. Vi kom køyrande over Drageskaret, frå solrike Larsnes til Gursken som låg innhylla i tåke. Vi køyrde vidare forbi Leikong og Ulsteinvik, som låg inne i skoddehavet, før vi kom opp på Hareidseidet. Der breidde Hareidsbygda seg ut i all sin prakt, badande i strålande solskin. Det var ein magisk augneblink, seier Ottar og legg til:

– Turnustida i distrikt varer i eit halvt år, og vi tenkte den gongen at vi skulle prøve dette halve året, før vi eventuelt fann ein ny stad å busette oss. Men, vi var litt trøytte av å flytte. Vi hadde flytta mykje i studietida. På den tida var det også berre distriktslege Kjell-Einar Ljones og ein turnuslege som var doktorar på Hareid. Men, dei hadde lenge søkt etter ein distriktslege til, og kontoret stod klart. Eg søkte på den og fekk den.

Opphaldet på Hareid skulle vise seg å bli lengre enn det den vesle familien hadde sett føre seg då dei først kom flyttande.

– Det var ikkje slik som i dag, med driftsavtalar og liknande. Det var ikkje eit slikt byråkrati og formalitetar som det er i dag for å jobbe som doktor. Ein berre jobba og sende rekning til Trygdekontoret. Eg blei einig med Kjell-Einar, som bygde seg hus på denne tida, om at eg kunne ta over kontoret som stod ledig, samt ta over distriktslegebustaden. Eg konfererte så med kona, og vi tenkte då at vi skulle bli verande eit halvår til, slik vi ikkje rykte oss opp med det same. Eit halvår blei til 41 givande år, seier Ottar Grimstad og flirer.

Kommunelege og helsesjef

I byrjinga jobba Ottar med vanleg allmennpraksis, i samarbeid med distriktslege Ljones. Så gjekk Ljones ut i permisjon, og blei så sjukeheimsoverlege på Søre Sunnmøre. Ottar blei då konstituert som distriktslege for Hareid, og litt seinare tilsett i stillinga.

– Eg fungerte som distriktslege frå og med 1979, og var fast tilsett ifrå 1981, seier Ottar.

Tittelen distriktslege blei etter kvart om til kommunelege. Ottar blei også helsesjef i kommunen då kommunereforma kom.

– Ein periode på byrjinga av 2000-talet sa eg opp kommunelege-biten, og berre var i vanleg praksis. Eg var også engasjert i legeforeningsarbeid i denne perioden, og var medlem av sentralstyret i Den norske legeforening i fire år, og leiar i Møre og Romsdal legeforening i til saman åtte år. Det var ei lærerik tid. Eg hugsar første gongen eg var delegat på landsmøtet til foreininga. Eg hadde det same inntrykket som kanskje mange andre har av foreininga, ein mektig organisasjon som berre tek vare på sine eigne. Men, eg oppdaga at legeforeininga også jobbar mykje for eit godt offentleg helsestell, eit godt fagleg nivå og gode tilbod til alle innbyggjarane i verda. Dette var eit viktig arbeid for meg å delta i, seier Ottar.

– Yrket har gitt meg mykje

Grimstad tenkjer audmjukt tilbake på over 40 år som lege i Hareid. Fire tiår som har gitt han svært mykje.

– Det at eg har fått jobbe med dette så lenge har gitt meg svært mykje. Eg har fått lov til å bli kjent med mange menneske over tid. Eg har fått vore med på å hjelpe menneske gjennom periodar av livet som har vore veldig vanskelege, grunna sjukdom eller andre forhold, seier han.

Tempoet er noko anna som har endra seg, meiner Ottar.

– Det har auka betrakteleg sidan eg først kom hit. Det er fleire legar på legekontoret i dag, men tempoet har auka. Det har blitt meir slitsamt etter kvart som eg har blitt eldre. På hausten for fire år sidan slutta eg heilt på legekontoret og blei heiltids kommunaltilsett, femti prosent kommuneoverlege og femti prosent sjukeheimslege. For eitt år sidan gjekk eg ned til halv stilling, og er no berre sjukeheimslege, seier Ottar.

Han har også mange andre interesser utanom jobben. Han er ein ivrig «quizar», er glad i å leike med barnebarna og likar å sjå verda.

– Eg vil nytte kreftene mine på andre ting no. Eg vil prioritere familien og heimen meir, og reise endå meir med kona mi. Det blir spesielt på siste vakta, men også veldig godt.