Den karakteristiske smaken frå andekjøtet gjer seg godt saman med friske frukter og ein salt dressing med syrleg lime. Andelåra er krydra med ulike krydder som vanlegvis er ein del av det asiatiske femkrydderet. Femkrydder består av minst fem krydder og oftast er det brukt stjerneanis, fennikelfrø, sichuanpepar, kanel og nellik.

Les også: Deler den beste helgamaten

Så dersom du er glad i eksotiske smakar og ikkje er redd for å prøve noko nytt er dette retten for deg! Retten kan også lagast med kyllinglår om det er ønskeleg.

Ingrediensar for ca. 4 personar

4 store andelår

1 ts. malt kanel

1 ts. malt nellik

1 ts. malt stjerneanis

1 ts. malt pepar

¼ ts. chilipulverhavsalt

2 ss honning

Soyadressing:

6 ss soyasaus

2 lime, safta

2 ss olivenolje

1 liten tørka chili

1 ss koriander

Salat:

2 pk crispysalat

1 stor mango

1 granateple

1–2 vårløk

1 agurk

Forvarm steikeomnen til 80 grader.

Rut opp skinnet på andelåra med ein skarp kniv. Bland saman kryddera og gni det godt inn i kjøtet. Brun skinnsida av andelåra godt i ei steikepanne på høg varme i ca. 2–3 minutt eller til skinnet har blitt sprøtt og gyllent, snu og steik i ca. 1 minutt på andre sida. Legg i ei eldfast form med skinnsida opp og strø over eit lite dryss havsalt og ringle over honningen. Bruk steiketermometer og la steike midt i omnen til andelåra har fått ein kjernetemperatur på ca. 62–63 grader. Dette tek ca. 1 times tid. Låra er ferdig steikte når du stikk inn ein kniv i leddet på den tjukkaste delen av låret og kjøtsafta som kjem ut er klar på farge. Pass på at du ikkje oversteiker låra slik at kjøtet blir tørt. Avkjøl litt medan du gjer klart resten.

Bland saman soyasaus, limesaft og olivenolje. Knus chilien og finhakk koriander. Bland alt saman i ei skål og sett til sides.

Skjer opp mango og agurk i strimlar og skjær vårløken i tynne ringar. Bland saman med salaten og strø over granateplekjerner. Riv av kjøtet frå andelåra i bitar og fordel på toppen av salaten. Server saman med soyadressingen og nyt!

Mari-Lene Korsnes,

Matbloggar og student i matkultur og helse ved Høgskulen i Volda

Mari-Lene Korsnes er ein av to matspaltistar i Vikebladet Vestposten.