Truleg er han ein av dei lengstsitjande, om ikkje den lengstsitjande lensmannen i landet. Han er også den eldste. Då han tok til var han av dei yngste.

– Det har vore ein lang og god arbeidsdag, slår Kulø fast då lokalavisa møter han på kontoret ved Ulstein og Hareid lensmannskontor.

30. juni har han sin siste offisielle arbeidsdag, men med ein del oppspart ferie til gode er han allereie «på frifot».

– Eg kom hit i 1971, men har vore i politiet sidan februar 1969. Det blir 48 og eit halvt år når eg går av. Per i dag blir det meg fortalt at det ikkje er nokon i teneste som er så gamle, eller har så lang ansiennitet, seier Kulø.

Tilfella spelte inn

Det er snart 50 år sidan han fekk sin første politijobb, men det var tilfeldig at det var der han hamna.

– Eg hadde teke ei utdanning i forsvaret og møtte opp i Åsegarden i Harstad, truleg i slutten av 68 eller tidleg i 69. Der skulle eg vere troppsbefal.

Men dagen han kom oppover fekk han beskjed om at han hadde fått ei midlertidig stilling hjå politiet i Molde.

– Eg måtte kome dit til ein bestemt dato. Då ville eg få jobben. Kompanisjefen ville ikkje høyre snakk om at eg skulle slutte før oppseiingstida var ute, men bataljonssjefen sa at han ikkje ville øydelegge ei karriere i politiet, og då fekk eg reise likevel.

Med så mange år i politiet har Kulø opplevd det meste, både av større og mindre saker.

– Samfunnet har jo utvikla seg mykje sidan eg starta, og politiet har utvikla seg mykje. Det er heilt andre ressursar no enn då eg starta. Då hadde vi tre betjentar i Ulstein, og vi hadde ikkje vakt i vekene, det var berre i helga.

Lensmannen fortel at det var meir tilfeldig om ein fekk tak i politiet dersom noko skjedde midt i veka.

– Og skjedde gjorde det. Det var mellom anna mykje haldeplassbråk. Haldeplassen i Ulsteinvik var berykta den tida. Med mykje ungdom som var samla fredag- og laurdagskveldane, og alkoholen flaut. Folk kom reisande frå Tjørvåg og Brandal for å gjere opp det dei ikkje hadde fått ordna veka før, fortel Kulø.

Dagens situasjon er annleis. No er det politi på vakt døgnet rundt, og i helgane er det ofte fleire patruljar i sving.

– Vi ser ikkje den type haldeplassproblem i dag. No er det meir innanfor husets fire vegger kriminaliteten går føre seg. Den har nok også blitt grovare. Det er stor skilnad frå då eg starta.

Store og stygge saker

Det betyr ikkje at det ikkje var alvorlege hendingar også tidleg i Kulø si karriere.

– Det har vore mange store saker. I 74-hadde ein desse Antonsen-brørne. Den eine budde her, medan den andre var i Ørsta. Der var eg med som hundeførar. I seinare tid har ein det som blir omtalt som Hareidsdrapet. Det har også vore store saker i mellomtida, seier Kulø, som meiner Hareidsdrapet truleg er den styggaste saka han har opplevd.

Kanskje endå meir utfordrande enn slike drapssaker er ein type som har dukka meir opp dei seinare åra.

– Det som krev mykje ressursar i dag og som er veldig utfordrande å etterforske er overgrepssaker. Det har vore fleire slike saker i det siste, og der har vi strenge krav til oss når det gjeld fristar og levering. Det er spesielt utfordrande når det er barn med i biletet, men det er utdanna etterforskarar som skal kunne gjennomføre avhøyr med barn, og som har veldig god kompetanse på dette området. I tillegg har vi god hjelp frå barnehuset, som tek hand om nokre av desse oppgåvene på ein god måte. Det er nok desse sakene som er mest utfordrande for oss.

Samstundes er det på langt nær alt politiarbeid som er negativt eller utfordrande.

– Som politimann handlar det ikkje berre om å straffe folk. Det å kunne hjelpe folk, det er stort.

Kulø tenkjer tilbake på ein vinter den tida han framleis dreiv med hund. Han vart kalla opp og bedt om å hjelpe ein eldre mann som hadde mista lommeboka si.

– Han meinte han måtte ha mista den då han var nede for å mate minken. Akkurat. Søke med ein stor schæfer blant minkbura? Hunden måtte få springe nokre rundar før vi kom i gang, men vi fann lommeboka ned i snøen. Elles hadde ein ikkje funne den før det vart vår, og kanskje ikkje då heller. Det var berre ein liten ting, men eg ser framleis ansiktet på den mannen, og kva den lommeboka betydde for han. Det var ikkje berre pengane, men ting som var verdifullt for han. Slike ting blir det mykje av i løpet av så mange år.

Aktiv pensjonist

Det er i underkant av to månadar til Kulø trer inn i pensjonistane sine rekkjer. Det er han ikkje sikker på om han ser fram til.

– Det har vore ein prosess, og eg gruar meg endå til å verte pensjonist. Eg har også skubba på datoen, men det er ei tid for alt, og eg har jo sett at det måtte kome også for han Odd. Eigentleg hadde eg bestemt meg for å slutte ved nyttår, men det gjekk jo ikkje, ler Kulø.

I mars vart oppseiinga levert, og 1. juli er første dag som pensjonist.

– Eg skal ikkje ut i løna arbeid. No skal eg vere pensjonist.

Kulø har i mange år vore aktiv innan frivillig arbeid. Det vil halde fram også som pensjonist. Kulø er mellom anna æresmedlem i Norske Redningshunder, samt leiar i Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum.

Politimannen har også anna å styre med. I ferien målar han huset til dottera på Hareid, og det er mange prosjekt å styre med når han har tid.

– Eg har motorsykkel, eg har båt. Kona kjem frå eit gardsbruk på Vikebukt med seks gamle hus som skal haldast ved like. Det står ein forretningsgard i Molde eg eig i. Eg blir nok vedlikehaldsarbeidar ei periode. Men det blir når det passar, slår Kulø fast.

Med hund: Odd Kulø har vore svært opptatt av hund, og var hundeførar i politiet. Her frå eit ettersøk etter ein drapsmann i 1979. Foto: Privat.
I første rekkje: 17. mai går Odd Kulø først i 17.-maitoget i Ulsteinvik. Truleg for siste gong. - Det har ikkje vore 48, men eg har nok vore med over 40 gonar, seier Kulø. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes