Inntil for om lag 70 år sidan gjekk krøter og beita i området. Namnet Englandsvika har ingen ting med England å gjere, det kjem av engvika. Ei eng med markblomster og grønt saftig gras for beitande dyr.

Men etter kvart som det vart slutt på beitinga, skaut einer, bjørk og hasselrenningar opp, og i dag kan folk knappast sjå Englandsvika når dei vandrar langs Kvitnes-vegen.

Dette har Brandal Vel bestemt seg for å gjere noko med. Etter å ha fått løyve frå grunneigarane og tilskot frå Fylkesmannen, er ei prosjektgruppe godt i gang med å rydde området. Dei har også hyra inn Arild Dyrvik til å ta det tyngste arbeidet med ein gravemaskin med gummibelte på.

Tre gravrøyser

– Mange kjenner godt til kva som skjedde under krigen på Kvitneset. Færre veit at det i Englandsvika ligg fleire store gravrøyser. Vi er først og fremst opptekne av å få fram i lyset den menneskelege aktiviteten før krigen, seier Håkon Eliassen.

Prosjektgruppa er opptekne av å ikkje øydelegge kulturminna i området, og dei har fått arkeolog Arve Eiken Nytun i Møre og Romsdal fylkeskommune til å kome på synfaring for å gi råd om skjøtselen.

– Eg er svært positiv til prosjektet deira. Planen deira om å få gravrøysene fram i lyset, merke dei og lage råser ned til fornminna er svært god. Det gjer at nye generasjonar kan få lærdom om korleis folk levde her i tidlegare tider, kommenterer Arve Eiken Nytun.

Det ligg tre gravrøyser i Englandsvika, og alle ligg nær sjøen. Dei er bygde av rullestein frå fjøra, og ifølgje Eiken Nytun er det ikkje gjort funn i dei.

– I motsetning til dei store bronsealderrøysene, som ofte var plasserte høgt på nes eller høgder i landskapet, vart røysene i jernalderen ofte lagt på strandflater nær busettinga og ved landingsplassar for båtar. Dei ruva derfor ikkje like mykje i landskapet. Kanskje var det her dei budde dei som gravla sine avdøde familiemedlemer. Det var i alle fall på denne tida folk byrja å etablere seg som jordbrukarar, og det vart vanleg å gravlegge sine døde på eiga mark, eller innan sitt eige område.

Den nordlegaste av dei tre gravrøysene er mosegrodd, og ber preg av at tidlegare generasjonar har fjerna stein frå røysa. Kanskje i håp om å finne ein skatt. Fylkesarkeologen meiner at prosjektgruppa gjerne kan fjerne mose frå steinane, og også få vekk trea som veks inne i røysa og rundt.

– Å opne opp mot sjøen er flott. Gravrøysene var ofte seglingsmerke, og dei skulle vere synlege frå sjøen, fortel han.

Planen til prosjektgruppa er å sage ned trea som skjuler eller gjer skade på røysene. Deretter skal stubbane dynkast med Roundup, slik at dei ikkje skyt opp att.

Russeleir

I den nordlegaste enden av Englandsvika, nærast Kvitneset, ligg spora etter russeleiren. Hustuftene etter fire hus, der det på det meste budde 106 fangar, skal også fram frå einerødet og merkast. Også ein 16 meter lang uteplass framfor russeleieren skal ryddast og takast i bruk. Her er tanken å setje opp bord, benker og ei grue til grilling.

Akkurat no er det grovarbeidet som blir gjort, og fylkesarkeolog Nytun ber dei vere varsame, for der kan vere steinalderlokalitetar i området.

– Eg vil gjerne kome på fleire synfaringar, varslar han.

Ferdig innan utgangen av 2018

Store haugar med einer og småskog ligg no samla på ulike plassar i Englandsvika. Håkon Eliassen seier dei vil bruke litt tid på å drøfte kva dei skal gjere med haugane. Kanskje nokre av grunneigarane vil ha noko av det, kanskje nokon vil ha emne til å lage gjenstandar av einestrongar. Før i tida hadde desse haugane vore gull verd, slår den pensjonerte skogbruksmannen fast.

Vilkåret for midlane frå Fylkesmannen er at prosjektgruppa skal vere ferdig med arbeidet innan utgangen av 2018, og det trur dei skal gå bra.

Truleg vil Englandsvika bli ein mykje brukt utferdsplass. Ho ligg idyllisk til, og mykje meir i livd enn Kvitneset.