Hovudpersonen sjølv nektar for at det er kvardagskost å ha så mange kvinner svinsande inn på kontoret på kort tid.

– På dei elleve åra eg har jobba her ved Hareid rådhus er det faktisk første gong, smiler han.

Oddbjørn Grimstad har ein tittel som kan få folk til å gjespe: Han er kommunalsjef for næring, kultur og samfunnsutvikling i Hareid kommune, og har ansvaret for Ressurssenteret, biblioteket og kulturskulen i kommunen. Han må dermed spreie seg over store og viktige område.

Men no er det slutt. 30. juni har han offisielt sin siste arbeidsdag, og kontoret i andre etasje på Hareid rådhus er så å seie ferdig rydda. 66-åringen skal bli pensjonist.

– Lysta har vore større enn moglegheitene

Han vedgår at Robek-statusen til Hareid kommune har vore ei utfordring.

– Lysta på å få til noko har til tider vore større enn moglegheitene. Det er ikkje alltid det skal så mykje midlar til, men litt må til. Mange sjansar på stønad har gått frå oss fordi dei krev 50 prosent eigenkapital, og når vi ikkje har det, så går midlane fløyten. Tilskota burde heller blitt delt ut etter innbyggjartal, meiner han.

– Men vi har derimot ein veldig god kapital i frivillig kulturarbeid her i Hareid kommune, og det gjer at det blir gjort mykje likevel. Innbyggjarane har forstått at skal det skje noko, så må dei gjere det sjølve. Eg har prøvd så godt eg kan å hjelpe til med søknader og anna administrativt arbeid.

Oddbjørn trekkjer fram samarbeidet med Hareid Rotary Klubb og utviklinga av Rotarystien som eit særs vellykka prosjekt.

– At folk kan vandre langs Hareidselva frå osen på indre Hareid og heilt fram til Kaldholen er flott. På den vandringa kan dei få både mosjon og kulturhistorie. Der er skilt som fortel om både mylnå, guanofabrikken, elverket og dei mange kvernhusa som var langs elva. No har Rotary-klubben restaurert eit kvernhus med to kvernsteinar, og ei torvløe i Kvitholen. I dag er det truleg ikkje så mange som veit at den danske dronninga på 1700-talet fekk perler frå Hareidselva, kommenterer han.

Kulturminneplan

Grimstad har også vore sentral i arbeidet med å få lage ein kulturminneplan for Hareid. Planen er tilgjengeleg via nettsida til Hareid kommune.

– Planen er viktig for kommunen, og den er viktig for innbyggjarane. Han er ikkje fullstendig, tanken er at det skal leggjast inn nye ting etter kvart, fortel Oddbjørn.

Han håper planen vil bli brukt i grunnskulen, og at den kan vere med på å gjere ungdomane stolte av bakgrunnen sin.

– Tilstrøyminga frå andre kulturar er stor i dag. Eg trur at dersom folk har respekt for sin eigen kultur, så er det også lettare å få respekt for andre kulturar også.

Saknar ein kultursal

Når vi spør Oddbjørn Grimstad om kva han gjerne skulle ha fått gjennomført, men som ikkje det har blitt noko av, kjem svaret fort:

– Vi skulle hatt ein kultursal. Ei felles scene med god akustikk. Vi har eit song og musikkliv som er svært allsidig, Her er 10–11 kor, fem korps og folk som driv med teater/revy. Eg er sikker på at det hadde blitt eit løft for kulturen i kommunen om vi hadde ei samlande scene som dei ulike aktørane kunne bruke.

Hareidsstemna, kulturarrangementet som går over ei veke kvar haust, er også noko som Oddbjørn Grimstad er viktig for Hareid.

– Men Hareidsstemna er ikkje eit museumsføretak. Der må vere dynamikk og nyskaping. Dei siste åra har barneskulane blitt trekt inn i programmet i større grad, og det er ein god måte å trekkje yngre krefter inn i Hareidskulturen på. Under Hareidsstemna har vi forresten ei felles scene i idrettshallen. Men elles i året må sjølvsagt idretten få boltre seg der.

– Hareid har hatt mange sterke meiningsberarar

Han er også med i redaksjonsnemnda til Hareid kommune si 100-årsbok som skal vere ferdig til hausten.

– Eg skal ikkje røpe så mykje av innhaldet. Men det er veldig interessant å lese om usemja om kva som er kultur eller ikkje. Vi kan også sjå at det i Hareid har vore ein del av kulturen å stå fram med sterke meiningar. Sterke meiningsberarar har brynt seg på kvarandre.

– Hareidssamfunnet er liberalt. Folk kan diskutere ope, og her er ikkje eit sterkt skilje i kristenlivet.

Ein beskjeden grimsting

Oddbjørn Grimstad er noko så sjeldan – vil mange meine – som ein beskjeden grimsting. Men sjølv reknar han seg ikkje som grimsting. Han er fødd og oppvaksen på Brekkane i Hareid sentrum, og kjem ikkje frå dei familiane som myten vil kalle «ur-grimstingar».

Men musikken har han i seg. Truleg i dobbel dose i genetisk forstand. Både faren Rasmus og mora Dagny song i kor. Mora var fødd Teigene og av ei musikalsk slekt.

– Det var mykje song og pianospeling i barndomsheimen, slår han fast.

Oddbjørn er utdanna lærarar, og medan han var lærar i Bergen dirigerte han Follese mannskor. Han har også vore innom Bergen Domkantori, Ålesund kammerkor og Hareid kammerkor. I ei årrekke har han vore musikalsk leiar for folka med dei sobre røystene i Vox Virorum, eit verv som han framleis har. Og heime hos seg sjølv spelar han både piano og trekkspel.

– I familieselskap hender det at svoger Svein Smørdal og eg underheld med litt trekkspelmusikk. Trekkspel er eit sosialt instrument.

Kontoret hans ser no nærast glattslikka ut. Kommunalsjef Kai Rune Bjørke kjem innom og spør om han veit kven som skal overta jobb-Pc-en hans, og musikk- og kulturskulerektor Torgeir Hauge stikk krøllane inn i døra og signaliserer at han gjerne vil ha nokre ord med den avtroppande kommunalsjefen. Hauge tek seg ein røykepause på altanen medan vi rundar av intervjuet.

– Tida går så fort

– Det er mykje interessant i kommunen som eg kunne ha tenkt meg å vere med på vidare, men eg har innsett at tida går fort. Det er så mykje anna eg har lyst til å gjere medan eg har helsa. Derfor har eg valt å slutte no. Eg har ein hage, eg har bøker, ein fantastisk natur rundt meg som eg gjerne vil bruke meir enn eg har fått gjere dei siste åra. Og så har eg to vaksne barn og eit barnebarn i Oslo. Dei vil eg gjerne besøke oftare.

Men lite tyder på at Oddbjørn kjem til å gå gjerandslaus på Hareid. Han synest golfbana i Hovdemyrane er fantastisk flott, og spelar saman med kona – og borna når dei er heime. Han har Vox Virorum – og han er nyslått medlem i HAFEST – mannegruppa som har sett seg føre å gjere det til ein fest i Hareid sentrum.

Denne veka er det hans tur til å passe på at dei vakre blomstrane i krukkene dei har sett ut ikkje tørkar inn.

Vi får håpe han ikkje får hjelp ovanfrå. Skulane har fått sommarferie, og vi vil gjerne sjå Oddbjørn farte rundt med ei vasskanne i sommarvarme.

Avtroppande kommunalsjef Oddbjørn Grimstad meiner Rotarystien har blitt ei perle i Hareid. Foto: Anne Gry Eilertsen
For nokre år sidan fekk eit kor samansett av songarar frå mange land, framføre Händels Messias i Royal Albert Hall. Oddbjørn av ein av songarane. Foto: Anne Gry Eilertsen
På fotballkamp i Bergen der Brann spelte mot Molde, saman med kona Turid Korgstad Hanssen Grimstad. Dei har budd i Bergen. Foto: Privat