Skipperyrket var utelukka. Det nytta det ikkje å tenke på når ein er fargeblind.

–Men eg kunne godt ha tenkt meg å blitt maskinist. Diverre er eg så veldig plaga av sjøverk at det ikkje vart aktuelt.

Men så har Karsten Sævik (55) blitt ein slags skipper likevel, om enn på land og i overført tyding. Snart er han klar for å mønstre på som konsernsjef på Kleven-skuta, etter seks år som administrerande direktør ved Remøy Shipping og konserndirektør i Remøy Group.

Knytt til havet

– Eg hadde oppveksten min nede i fjørsteinane i Sævikane. Der fanga vi krabbar, fiska og leika oss, skildrar han.

Sjøen har vore arbeidsplassen for forfedrane hans i generasjonar tilbake. Karsten Sævik vert audmjuk når han tenkjer på alt slitet det har kosta.

Sjølv må han altså halde seg på landjorda.

Han har prøvd seg på sjøen. Både i fraktefart mellom Kirkenes og Oslo med «Pokal», som faren Asbjørn eigde, og som fiskar. Han var også med bestefaren ut med snekka på fiske ved Skorpa.

– Vi låg der i dønningane og fiska og eg vart dårlegare og dårlegare. Bestefar min hadde null forståing for dette med sjøverk og synte lite medynk overfor ein stakkars sjøsjuk tenåring, minnest Karsten.

Sjøverken førte han inn på ein yrkesveg som gav fast grunn under føtene, men som samstundes knytte han til havet.

Før han flytta heim til Sunnmøre arbeidde han 15 år for reiarlaget Odfjell som har spesialisert seg på svære kjemikalietankarar.

– Eg arbeidde først som prosjektleiar, og seinare som direktør for nybygg og prosjekt. Mellom anna fekk vi bygd 13 kjemikalieskip ved det som då heitte Kværner Kleven Florø, men som seinare vart tilbakekjøpt av Kleven og gitt namnet Kleven Florø.

Då familien vart større, fann Karsten og kona Inga Lill ut at tida var inne for å vende nasen heimover. Jobben i Odfjell innebar mykje reising, noko som vanskeleg let seg kombinere med familieliv.

– Då eg fekk tilbod om å verte direktør for Ulstein verft takka eg difor ja.

Familien busette seg på Osneset, berre eit steinkast frå verftet.

– Eg hadde superkort veg på jobb. Det var ikkje alltid ein fordel, for då rakk eg ikkje å omstille meg frå jobbmodus når eg skulle heim og ete middag. No har eg ein liten halvtime med bilkøyring til og frå mellom Ulsteinvik og Fosnavåg der eg rekk å få klarne hjernen. Eg vonar reiseavstanden mellom Ulsteinvik og Kleven kan verte passeleg i så måte.

Etter seks år ved Ulstein Verft dukka det opp ein ledig jobb som konsernsjef og administrerande direktør i Remøy Group/Remøy Shipping.

– Eg set svært stor pris på å ha nær kontakt med sjøfolka og båtane og vere i tett dialog med dei, når eg sjølv ikkje har høve til å vere ein del av dette arbeidslivet i praksis. Sjøfolk sit iforresten inne med utruleg mykje kunnskap og har tankar og idéar som kan føre til utvikling og innovative løysingar.

Erfaringane frå Remøy Shipping tek han no med seg vidare tilbake til verftsnæringa.

– Eg har forhåpentlegvis lært noko i løpet av desse åra, smiler han.

Likar å lære

Å tileigne seg kunnskap er nemleg noko Karsten Sævik er oppteken av.

– Ein dag då eg ikkje har lært noko nytt er ein dårleg dag, seier han og minnest industrimannen Idar Ulstein som mellom anna meinte at han kunne få meir utbytte av å vitje andre bedriftsmesser enn NorShipping.

Dei siste åra har bydd på store utfordringar, både innan Remøy Shipping, som i hovudsak driftar offshoreskip, og innan verftsnæringa.

– Eg håper vi no er på veg opp av bølgedalen, men eg trur at det uansett vil ta lang tid før offshorekundane kjem tilbake til verfta. Til det er talet på båtar som no ligg i opplag for stort, seier Sævik. Han har meir tru på at ei satsing på bygging av spesialprosjekt som yachtar og hurtigruter vil kunne bere frukter.

– Eg er kjempeimponert over den evna verftsnæringa her på Sunnmøre har hatt til å omstille seg til ein ny marknad på svært kort tid, seier han.

Har trua

Karsten Sævik har trua på norske verft.

– Vi har nokre utfordringar når det gjeld kostnader, men når det kjem til leveringspresisjon og kvalitet er norske verft leiande. Tek ein omsyn til alle elementa i ein byggeprosess, og ikkje berre prisen, har verfta her til lands synt seg å vere konkurransedyktige.

Han er også spent på korleis den nye eigarstrukturen ved Kleven vil kunne arte seg.

– At verksemda framleis, i alle fall delvis, er på lokale hender er eg glad for og det trur eg dei andre eigarane ser verdien av også. Samstundes vert det spennande å sjå kva dei nye eigarane, med sine forskjellige bakgrunnar og ståstader, kan tilføre Kleven.

Han kjem i utgangspunktet til å halde fram hos Remøy Shipping heile oppseiingstida si på seks månader.

– Her er det ingen hard feelings. Eg var klar for nye utfordringar då jobbtilbodet frå Kleven dukka opp. Det skal verte spennande å gå inn i ei verksemd det ligg slik eit historisk sus over som nettopp Kleven.

Om Karsten Sævik kjem til å fylle det musikalske tomrommet som oppstår etter den avtroppande og gitarspelande Kleven-sjefen, Ståle Rasmussen, stiller han seg svært tvilande til.

– Noko slik vil eg ikkje påføre dei nye kollegaene mine, seier han. Han røper likevel at han var ein nokså habil trompetist i Remøy skulekorps ein gong i tida. Då han fylte 50 år fekk han ein trompet i gåve, men førebels ligg instrumentet for det meste trygt i kofferten sin.