Når Svein snakkar om drivhus, er det ikkje den negative drivhuseffekten han siktar til.

- Hareid manglar ein stad der born og unge kan få utfalde seg med aktivitetar. Ein stad der det blir sådd frø, sørga for vatn og der det som skal alast fram, blir passa på, forklarer han.

Og staden han har tenkt seg ut, og som han no har løfta fram både i lesarinnlegg og til styrande i Hareid, er området ved Hareid ungdomsskule. Han ser føre seg ei forlenging av Hareidshallen, i retning mot Pålhaugane.

- Kommunen eig grunnen, og kultursalen blir ei mykje rimelegare løysing enn dei kulturhusplanane det dessverre ikkje vart noko av i sentrum. Fagfolk eg har snakka med meiner at vi kan få opp ein kultursal til ein pris på mellom 15-18 millionar kroner.

- Ikkje mitt prosjekt

- Då har vi eit område som rommar både fotball, idrett, kunst og kultur, og det er eg overtydd om blir ei god løysing.

Svein understrekar at kultursalen ikkje skal vere hans prosjekt. At det vart han som lanserte ideen, er uinteressant, meiner han. Då han løfta tanken fram for dei andre medlemene i Hafest, var det full støtte til å gå vidare med tanken. Hittil har han snakka med ordføraren, som har lova å ta saka opp i formannskapet. Han har også snakka med leiaren for Hareidsstemna, leiaren i Musikklaget Meshorn, Hareid kammerkor – og han har lagt ideen fram for Hareid Rotary. Rett over påske skal han ta føre seg fleire politikarar og resten av kora og korpsa i Hareid kommune.

- Målet er å få snakka med alle kulturaktørar, slår han fast.

Rundt om i Noregs land finst det mange kommunar som har hatt gamle kulturbygningar i tre. Bygningar som det etter kvart har blitt umogeleg å halde ved like. Trudvang på Hareid er eit slikt bygg.

- Ære vere dei ungdomane som i fleire år prøvde å renovere Trudvang. Men det er ein vanskeleg jobb. Dei har gjort det fordi dei hadde lyst til å vise fram aktivitetane sine, og det er eit døme på at Hareid manglar ei kulturscene, eit kulturelt drivhus. Medan mange andre kommunar har bygt både eitt og to kulturhus etter at dei gamle trehusa vart utrangerte, har Hareid kommune bygt null. Det er synd, og eg synest det er ungdomen vi først og fremst skal ha dårleg samvit for. Der har blitt eit hol etter Trudvang som ikkje er tetta, meiner han.

Ulstein har fått Sjøborg og Herøy har fått Fosnavåg konserthus. Kulturbygda Hareid har inga kulturell scene lenger.

- Hareid har forsømt seg

- Hareid har forsømt seg. Tidlegare var kulturbygda Hareid eit begrep. Kvifor må vi til nabokommunane for å høyre konsertar eller sjå teater - og kvifor er det berre ei veke i året, under Hareidssemna, at aktørane har ei fast scene der dei kan få vise seg fram? spør Smørdal.

Han registrerer at gjennomsnittsalderen på mange av kora i Hareid byrjar å bli alarmerande høg, og prisar seg lukkeleg over at damekoret Corsonus har dukka opp i Hjørungavåg, og at det i Brandal er eit gryande revymiljø.

Svein blir varm i røysta når han snakkar om aktivitetane som tidlegare blomstra på Trudvang, ikkje minst Hareid Amatørteater. I dag er amatørteatret ikkje i aktivitet.

- Norleif Holstad var ei stor drivkraft. Når eg snakkar med folk som var i dette miljøet, blir eg forundra over kor mange som var innom som skodespelarar. I tillegg var der folk som styrte med lys, lyd, scenografi og kostymer. Enkelte av oppsetjingane trekte heile 11 fulle hus, og det var sett opp ei flott blanding av komediar og meir alvorlege stykke som «Mens vi venter på Godot» og «Kollisjonen». Stammen av desse skodespelarane utgjorde også rollene i sogespelet «Maktkamp ved Hjørungavåg», eit sogespel som også er kvilande no. Det kan ikkje vere tvil om at Hareid har folk som kan ta opp att denne arven, men at det trengst både øvingslokale og ei skikkeleg scene.

Svein Smørdal er oppvaksen på Eid og i Volda og har gode minne både frå Valhall på Eid og Samfunnshuset i Volda. Då han flytta til Hareid i 1969 var der både kino, korkonsertar, amatørteater og dansetilstellingar på Trudvang. Huset var ein møtestad for mange, i ulike aldersgrupper.

- Slike møtestader, der både ungdomar og vaksne kan få stå på scena, har vi ikkje lenger, og det er leitt.

Håpet hans er at både politikarane og andre kulturaktørar i Hareid no står opp i eit felles løft for å skaffe kommunen ein kulturell blomstringsplass.

Idyll: Hytta ved Snipsøyrvatnet er ein kjær plass for Svein Smørdal. Her er han saman med to av barnebarna, Kaia og Oskar. Merk at dei har fått fisk, ein liten røyr.