I kjøkenskåpet mitt har eg ein kaffikopp det står Mausundværingen på. Dette er ein kopp eg gjerne tar fram når eg treng litt ekstra krefter.

Mausundvær er eit vakkert øyrike utanfor Frøya. Eg har aldri budd her sjølv, men mamma budde der fram til ho var ti år. Nærare bestemt Aursøya, derav mellomnamnet mitt. Barndomsheimen hennar, det gule huset oppe på haugen, har eg ofte vore på ferie i. Både som barn og i vaksen alder.

På slutten av 80-talet danna utflytta mausundværingar i Trondheim ei eiga foreining der dei kunne treffast og snakka om Mausund. Dei fekk også laga seg denne koppen, som no har hamne med meg, som aldri har budd på Mausund, men som ber mellomnamnet mitt med stoltheit.

Tidlegare i vinter skreiv eg om ei flott kunstutstilling med Sverre Bjertnæs og Bjarne Melgaard som var på Flø. Eg skreiv at det kom både tilreisande og fløssingar på utstillinga. Seinare har det kome meg for øyret at innbyggjarane frå Flø hadde tatt seg nære av og blitt leie seg for at eg hadde brukt ordet fløssingar.

Orsak! Det var verkeleg ikkje meininga! Men det var ikkje i min villaste fantasi at fløssing skulle bli oppfatta negativt. Tvert imot.

For meg er fløssing eit heidersomgrep. Eg trudde fløssing berre betydde ein som er frå Flø, eller bur på Flø. Og det kan no ikkje vere negativt. Eg har ikkje møtt eit menneske som ikkje blir bergtatt av kor vakkert det er på Flø. Alle tilreisande som kjem på besøk til distriktet vårt blir no dratt med ut til Flø for at dei skal sjå kor vakkert der er. Anten det stormar eller sola skin, ut til Flø skal dei.

Dessutan får bygdefolket på Flø til så mykje aktivitet. Dei har ein av dei finaste leikeplassane i regionen, eige galleri der dei hottaste kunstnarane i Noreg (les verda) stiller ut kunsten sin, Vonheim, ballbinge, campingplass, Fruene ved havet, eige kor, grendelag og idrettslag osb.

At fløssing er negative lada må vere noko som heng att frå gamalt av. Ikkje slikt som innflyttarar som meg forstår seg på.

Sjølv har eg vald å busette meg i Eiksund. Eg veit ikkje om eg nokon gong vil bli kalla eiksundar. Men om eg blir det vil eg sjå på det som ei ære. Då vil eg tenkje at eg er godtatt og har blitt innlemma i fellesskapen. Ungane mine er i alle fall eiksundarar, dei har budd der heile livet.

Sist helg var det premiere på dramaserien Heimebane. Der får ein sjå lange panoreringar av den vakre naturen og landskapet me har rundt oss, mellom anna Flø. Helena Mikkelsen (spelt av Ane Dahl Torp) slit med å bli godtatt som fotballtrenar for menn. Det er ikkje berre at ho er kvinne som er problemet. Ho er også trønder. Materialforvaltaren på Tangsrud (Høddvoll) gir henne det tipset at ho må seie «Steikje bra» for å gli lettare inn i miljøet.

Personleg håpar eg at ho ikkje byrjar med det. Det vil berre bli for dumt. Til sommaren har eg budd her i tretten år, men eg finn det ikkje naturleg å seie «steikje bra». Eg er framleis trønder, sjølv om eg har lagt av meg ein del bannskap på vegen. Eg skjøna fort at det vart for sterk kost for ein del sunnmøringar.

Men ein plass går altså grensa.