Erika Skarbø var ei periode det udiskutable førstevalet som landslagsmålvakt for Norge. Totalt 17 landskampar på seniornivå blei det for Erika, og ho vakta mellom anna buret for Norge i Beijing-OL i 2008. I dag scorar ho i staden på andre keeperar for Hasundgot sitt damelag. Svigerinna hennar og fleire venninner spelar på laget, og då sjansen baud seg var ho ikkje vanskeleg å få med.

– Det er veldig artig og sosialt. Eg får kjenne litt på konkurranseinstinktet igjen, temperamentet og ikkje minst lagkjensla. Det er sjølvsagt ein stor overgang frå internasjonal toppfotball til sjuarfotball med Hasundgot. Men, eg diggar det, seier Erika.

Erika var mykje skada dei siste åra i Arna-Bjørnar, og fleire av skadane var alvorlege. Ho klarte å vinne over dei, spesielt skaden ho sleit med i 2009, etter å ha stått i mål for Norge i OL. Ho hadde brote handa.

– Eg hadde kome så høgt eg kunne, for så å komme så lågt eg kunne. 2009 vart eit svært krevjande år.

La hanskane på hylla

Ho kom seg tilbake i godt gammalt slag, men då landslaget fekk ny trenar byrja nok ei tøff tid for Erika.

– Av fleire grunnar eg ikkje skjønnar, valte Eli Landsem å ikkje bruke meg.

Så braut Erika andre handa, og måtte på ny jobbe seg opp igjen. Ho blei tatt med i VM-troppen då ho blei frisk igjen.

– Det var kjekt å vere med, men ting var ikkje heilt slik som det skulle vere. Eg er ein såpass fair idrettsutøvar at så lenge nokon kan karakterisere meg som dårlegare enn nokon andre, så kan eg godt sitje på benken, og bidra til at andre gjer det bra. Men eg følte ikkje eg blei behandla på ærleg vis, noko eg ikkje finn meg i. Eg fekk også nyss i at eine keepertrenaren på landslaget trena ein av dei andre keeperane på fritida utan å fortelje andre det. Slike ting gir ein ikkje spesielt mykje motivasjon.

Tanken om livet utan fotballen i sentrum byrja å gjere seg gjeldande.

– Det å kunne ha helg, vere saman med familien, vere med vener, slike ting blei meir og meir viktig for meg.

Erika la keeperhanskane på hylla etter 2012-sesongen, og gav seg som keeper på toppnivå for Arna-Bjørnar i toppserien, eit val ho ikkje har angra på.

– Eg har ikkje sett meg tilbake ein einaste gong sidan eg gav meg. Difor er det tydeleg at valet eg gjorde var rett. Eg spelte klubbfotball eitt år lenger enn eg var på landslaget, noko som først og fremst var fordi Arna-Bjørnar var ein fantastisk klubb å vere i, ein familie. Eg fekk oppleve mykje med fotballen, og eg nådde dei måla eg sette meg, seier Erika stolt.

– Ei spanande tid framover

No har Erika funne andre arenaer. Ho flytta heim til Ulstein med sambuaren Geir Holm Sundgot, og saman har dei fått sonen Magnus (16 md..). Ho har fått seg jobb som QHSE-inspektør i Island Offshore, ein jobb ho trivast godt i.

– Eg jobba med HMS i BKK i Bergen, og då eg skulle heim til Ulstein søkte eg jobb i Island Offshore. Slike jobbar dukkar sjeldan opp, og det at eg jobba med HMS var nok ein fordel når eg søkte på QHSE-jobben. Eg fekk den og er godt nøgd med det.

No står husbygging i Vikemarka og bryllaup i august for tur.

– No ventar vi berre på svar frå kommunen om vi får byrje å bygge. På seinsommaren blir det bryllaup, noko eg gler meg veldig til. Det blir ei spanande tid framover, seier ho.