Då Uranus blei oppdaga av William Herschel i 1781, var det den første planeten som ikkje var kjend sidan oldtida. Planeten kan i periodar skimtast utan kikkert frå heilt mørke stadar, men er som regel svært vanskeleg å skilje frå stjernene.

Men, dei siste vekene har Venus blitt ei stadig smalare sigd, samstundes som planeten har kome mykje nærare Jorda slik at den totale lysstyrka har auka. Det skriv Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard, høvesvis Science fiction-forfattar og vitenformidlar, og astrofysikar, på nettsida astroevents.no.

- Dette blir ei spanande hending, og eg gler meg til å sjå det. Du bør sjå opp dei neste kveldane og nettene, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til Vikebladet Vestposten.

Fleire planetar og dvergplanetar på rekkje

To av Solsystemet sine fem dvergplanetar, Ceres og Eris, vil også vere ein del av samstillinga. Ceres vil vere synleg med kikkert medan Eris berre vil vere mogleg å sjå med dei aller største teleskopa. Ceres er den einaste dvergplaneten i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter – Eris er ein dvergplanet i Kuiperbeltet, eit breitt belte av isobjekt utanfor Neptun. Oppdaginga av Eris var dessutan årsaka til at Pluto ikkje lenger er ein planet, men ein dvergplanet. Også Månen dukkar opp i det gode selskap som eI tynn sigd.

Med en kikkert kan ein også sjå komet 2P/Encke under gruppa med planetar. Kometen har den kortaste omlaupstiden (3,3 år) av alle lyssterke kometar og var den første periodiske kometen som blei oppdaga etter Halleys komet. Kometen er no synleg for 63. gang etter at den blei observert i 1786.

Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard, høvesvis Science fiction-forfattar og vitenformidlar, og astrofysikar. Foto: Privat.