Midt i påskeferien, nærare bestemt i dag den 15. april, byrjar det generelle bålforbodet i Norge – for å forhindre skog- og lyngbrann. Men det er lov å bruke hovudet.

I perioden 15. april til 15. september er det ikkje tillate å tenne opp bål, grill og eingongsgrill i, eller i nærleiken av, skog og all anna utmark i Norge.

Forbode i all utmark

Reglane for bålbrenning vart endra i fjor, der forbodet vart utvida til å gjelde all utmark.

– Forbodet omfattar skog, lyng, gras, snaufjell, holmar og strandområde, fortel Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv – ein fellesorganisasjon for 16 norske friluftsorganisasjonar.

Men naturen er ulik, og våren kjem på ulike tider i Norge. Nytt frå i fjor var også at den nye forskrifta opnar for at ein kan bruke hovudet og likevel kan tenne bål – om det ikkje openbert kan medføre brannfare, som etter mykje nedbør, og på snø. Ein kan også grille på stranda, i god avstand frå skog og vegetasjon.

– Mange kommunar har egne tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjent til bruk hele året, sjølv under bålforbodet. Men ved høg skogbrannfare kan kvar enkelt kommune legge ned forbod mot å gjere opp eld utandørs, fortel Heimdal.

– Bruk hovudet

– Vi oppfordrar alle til å nyte våren og sommaren med mykje friluftsliv – men ønskjer du å tenne bål er det viktig å vite kva reglar som gjeld. Respekter bålreglane, bruk hovudet og vis varsemd, og sjekk gjerne på nettet om di kommune har eigne reglar, seier generalsekretæren i Norsk Friluftsliv.

Mange gløymer også at eingongsgrillar kan svi bakken under og skape glør som kan ligge å ulme. Grundig sløkking er viktig etter all grilling og bålbrenning. Yr.no har også ein indeks for skogbrannfare som kan vere nyttig å følge med på.

Sporlaus ferdsel

Det å tenne opp bål og vere mykje ute i naturen er gamle tradisjonar i Norge. Sjølv om ein ikkje har lov til å tenne opp bål, finst det andre alternativ for å få laget seg varm mat på tur, slik som primus og stormkjøkken.

Dersom det ikkje medfører fare, og ein likevel tenner opp bål, så rår Norsk Friluftsliv å gjere det på ein sporlaus måte.

– Skal du tenne bål, er det betre at du bruker ein bålplass som allereie eksisterer, i staden for å lage ein ny. Bygger du opp et nytt bål med steinar, så legg steinane på plass igjen etter at du er ferdig med bålet, og husk å sløkke godt, oppfordrar Lasse Heimdal.

Tips til trygg bålbrenning:

• Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.

• Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for branntryggleiken.

• Det bør vere ein voksen, edru person som er ansvarleg for bålet.

• Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon.

• Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.

• Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkkje ved behov.

• Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengeleg.

• Det er forbode å brenne plast, bygningsmaterialar og anna søppel.

• Når du forlèt bålplassen skal bålet vere helt sløkt.

(Kilde: DSB)