Fersk krabbe er på sitt beste frå september til november. Krabbe er perfekte festmat fordi det er enkelt å servere og det blir god stemning rundt bordet når alle må jobbe for å finne maten i krabbehuset sine små rom og knekke krabbeklør.

Til krabbefesten treng du ein krabbe til kvar gjest og for å vere på den sikre sida kan du kjøpe nokre lause krabbeklør i tillegg. Eg vil anbefale to viktige reiskap når du serverer krabbe: Hummargaffel eller ein spiss pinsett for å finne maten i krabbehuset og ein nøtteknekkar til klørne. På bildet ser du også ein hammar som kan vere eit god hjelpemiddel mot hardt skal. Skyljebollar og rikelig med serviettar er å fortrekke på bordet framfor duk, fordi krabbefesten kan setje spor.

Nyt krabbe naturell som no er velfylte med smakfullt krabbekjøt, dette er ein av dei mest fantastiske sjømatrettane du kan servere. Server krabben saman med loff, smør, majones og sitron og i dag får du også forslag til tre sausar som kan vere «prikken over i’ en» for måltidet. God sjømathelg!

Ingrediensar til 4 porsjonar

4 heile krabber + eventuelt ekstra klør

sitronbåtar

grønt

loff

smør

Mangosalsa:

1 stor, godt moden mango

1 tomat

2 ss olivenolje

1 ss sitronsaft

salt, pepar

2 ss hakka kjørvel

Sitron-persillesaus:

1 egg

saft av ½ sitron

2 ss finhakka persille

1—1 ½ dl kesam

salt, pepar

Stavmiksaraïoli:

1 eggeplomme

1 knivspiss salt

1 knivspiss pepper

1 ss sitronsaft

2 hvitløkbåtar, hakka

½ ts sennep

ca. 1 dl nøytral olje

Framgangsmåte

Mangosalsa:

• Skrell og skjer mangokjøtet frå steinen.

• Skjer kjøtet i små terningar.

• Del tomaten og grav ut frøa.

• Skjer tomatkjøttet i små terningar.

• Bland alt og smak sausen til med salt og pepar.

• Rør inn kjørvel.

Sitron-persillesaus:

• Rør saman egg, sitronsaft og persille i ein liten bolle.

• Sett den over eit lite kokekar med kokande vatn.

• Rør til eggeplommen tjuknar.

• Ta bollen opp av vassbadet og avkjøl eggemassa.

• Rør inn kesam og smak til med salt og pepar.

Stavmiksaraïoli: (dette er den enkleste måten å lage majones på).

• Bruk begeret som fyl med stavmiksaren.

• Ha eggeplomme, salt, pepar, sitronsaft, hakka kvitlauk, sennep og det meste av oljen i begeret.

• Pass på at eggeplomma ikkje knusast.

• Sett stavmikseren midt i eggeplommen og kjør den på topp hastighet til majonesen tjuknar.

• Spe med meir olje etter kvart.