No er det ikkje mange dagane att av året og det er på høg tid å planlegge menyen for nyttårsaftan. Svært ofte er det kalkunen som står på bordet til middagen, medan desserten kanskje varierer litt meir frå heim til heim. For svært mange er det molter som blir servert som dessert i ein eller annan form til nyttårsmenyen.

Dei eksklusive moltene er eit flott val som avslutning på årets siste måltid. Desserten er silkemjuk og smeltar på tunga. Brunosten gir den klassiske italienske desserten eit preg av karamellsmak og saman med molter blei desse norske smakane ein perfekt match.. Desserten er laga på få minutt og krev lite utstyr, så her er det berre tida i kjøleskapet til puddingen har stivna du må tenke på.

Ingrediensar for ca. 4-6 personar:

Panna cotta:

4 dl kremfløte

1 dl + 2 ss demerarasukker

6 skiver brunost (type G35)

3 plater gelatin

Molte-coulis:

2 dl molter

2-3 ss sukker

1 ts vaniljeekstrakt

sitronsaft

Tilbehør:

knuste kjeks (gjerne peparkaker)

sitronmelisse

Legg gelatin i blaut i kaldt vatn. Ha kremfløte og sukker i ein kjele og kok det opp medan du rører litt med ein visp. Så snart det boblar opp tar du kjelen av varmen og har i brunosten. Rør rundt til den har løyst seg opp. Klem ut vatnet av gelatinplatene og ha det i fløteblandinga og rør til det er oppløyst. Hell over fløteblandinga i porsjonsglas og la det stå på kjøkenbenken i nokre minutt før du set det i kjøleskap.

La panna cottaen stå i minimum 4 timar før servering, til den har stivna godt.

Bland saman molter, sukker og vaniljeekstrakt og kjør ca. halvparten av det i ein stavmiksar slik at du får både saus og heile molter. Smak til sausen med sitronsaft. Hell litt molte-coulis på puddingen og knus kjeks over. Server med ein gong.

Nyt årets siste måltid og måtte det nye året bringe mange gode mat-augeblikk!

Godt nyttår!