Fisk er ei fantastiske råvare som kan brukast til mykje. Å eksperimentere med nye måtar å lage og servere fisken på kan vere ei spennande utfordring og på kjøpet kan små endringar i kosthaldet vere med på å gi betre matvanar på nyåret.

Å ete sunt og variert, kombinert med fysisk aktivitet er bra for kropp og velvære. Ofte kan små grep ha stor verdi for helsa, enten det handlar om å velje vatn framfor brus når ein er tørst, ta trappene i staden for heisa eller å bytte ut kjøtdeig med laks til tacoen.

Meksikansk taco har vorte ein del av vår matkultur. Taco er populært, smakfullt og favorittmaten til mange både barn, ungdom og vaksne. Helsepotensialet ligg i å bytte ut kjøtdeig som inneheld metta feitt til laks med sunt fleirumetta feitt. Lykke til med små grep og gode matval på nyåret, små endringar kan gi deg betre helse!

Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g laksefilet, utan skinn og bein

½ stk. lauk

2 ss margarin

1 pk tacokrydder

1 dl vatn

1 glas tacosaus

8 stk. tacotubs

Tilbehør

½ stk. salat

½ stk. lauk

½ stk. paprika

2 stk. tomat

1 stk. agurk

1 dl mais

100 g riven kvitost

3 boks lettrømme

1 boks salsa tacosaus

Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 125 °C eller temperaturen som står på pakken med tacotubs.

Skjer laksen i terningar.

Reinsk og finhakk lauken.

Steik lakseterningane raskt i flytande margarin i ei varm steikepanne saman med halvparten av tacokrydderet. Legg laksen til sides.

Surr lauken blank saman med resten av tacokrydderet.

Tilsett vatn og tacosaus, og gi alt eit oppkok.

Legg laksen tilbake i steikepanna, legg på lok og la laksen bli varm.

Varm tacotubs i steikeomnen rett før servering, slik det står på pakken.

Vask og reins issalat, lauk og paprika, og skjer dei tynne strimlar.

Vask og skjer agurk og tomat i bitar.

Legg salat, grønsaker og ost på fat eller i skåler til servering.

Fyll varme tacotubs med grønsaker, ost og laks, og server med rømme og salsa tacosaus.

Tips: Du kan variere ved å bruke tacoskjell eller tortillaslefser

Kari Ryslett arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Ho har brei erfaring gjennom yrke- og arbeidsliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv. I Vikebladet Vestposten vil ho dele sine beste sjømatoppskrifter med lesarane og ho håper dette kan vere til inspirasjon til å velje å ete meir fisk og sjømat både til kvardags og i helga. Foto: Privat