Tysdag 20. mars klokka 17.15 bevegar sola seg inn på den nordlege delen av himmelen, og astronomisk sett blir faktisk sommarhalvåret endeleg innleia. Det er denne dagen som blir kalla for vårjamdøgn. Grunnen til at denne dagen har dette namnet, er fordi dag og natt er like lange over heile jorda. Dette fortel astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og science fiction-forfattar og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes i ei pressemelding.

- Dagane blir no merkbart lengre, og sommarhungrige nordmenn vil kjenne ein tydeleg forskjell på varmen frå sola, seier dei to.

Går ein til nettsida til duoen finn ein mellom anna eit nedtellingsur.12 timar frå sol opp til sol nedØdegaard og Sannes fortel at det tysdag er 12 timar frå soloppgang til solnedgang over heile kloden. Dette skjer to gonger i året, ved vårjamdøgn og haustjamdøgn. På denne datoen står sola rett over ekvator. Nordpolen får sitt fyrste solgløtt etter eit halvt år i mørket. På Sørpolen skjer det motsette. Der forsvinn sola, og kjem ikkje tilbake igjen før ved haustjamdøgn.

Astorfysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og science fiction-forfattar og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes. Foto: Privat.