Frå første måndag etter 2. påskedag og fram til 31. oktober er det i følgje forskriftene ikkje lov å køyre med piggdekk. Dersom du har planar om å legge om til sommardekk i næraste framtid, oppmodar forsikringsselskapa likevel om at du tenkjer deg godt om. Påska kom tidleg i år, vinteren har enno ikkje heilt sluppe taket og framleis kan det vere minusgrader nattestid mange stader.

- Godt veggrep og tryggleik kjem framom alt anna. Sjølv om det ikkje ligg is og snø i vegen, så kan det ligge ein bortimot usynleg isfilm over vegbanen, seier kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

I ei pressemelding som If har sendt ut, ber han bilførarane om å følge godt med på vêr- og føreforhold framover.

- Dersom du likevel legg om dekka i helga må du la bilen stå dersom tilhøva tilseier at du ikkje bør køyre. Det er du som sjåfør som er den næraste til å vurdere dette, og køyretøyforskrifta slår fast at det er ditt ansvar, seier Clemenz.

I forskriftene står det at køyretøy ikkje må nyttast utan at det er sikra tilstrekkeleg veggrep i høve til føret, om naudsynt ved bruk av vinterdekk med eller utan pigger, kjetting eller liknande.

Clemenz understrekar også at dersom vårvarmen kjem for fullt, så er det viktig å få av vinterdekka, sjølv om dei er piggfrie. Årsaka til dette er at gummibalndinga for vinterdekk er laga for kaldt vêr og vert for mjuk når det er varmt. Også når det gjeld mønster er det skilnad på vinterdekk og sommardekk med omsyn til å sikre veggrep og motverke vassplaning.

- Feil dekk på bilen kan vere fatalt ved ei oppbremsing. Køyreeigenskapane til dekka må vere tilpassa årstida, seier Sigmund Clementz i If.