Matvett, matbransjen sin organisasjon for å få ned matsvinnet i Norge, har nyleg lagt fram ein rapport der dei har funne fram til at nordmenn kastar 350.000 tonn mat, som er heilt og halde etande. Det var Aftenposten som først skreiv om saka.

Forbrukarsamfunnet Norge har nådd nye høgder, i følgje Matvett. Nordmenn kastar ein femtedel av den maten vi kjøper, eller om lag 46 kilo i året. Noko som igjen tilsvarar over 500 pakkar med kjøtpålegg. Matsvinnet fordelar seg på butikkane (68.000 tonn), matindustrien (60.000 tonn), grossistane (2.000 tonn) og forbrukarane (231.000 tonn). Den totale verdien på maten nordmenn kastar er på heile 18 milliardar kroner, fortel Matvett.