Utbyggingsplanane for dei to bustadfelta på Pålhaugane i Hareid har vore gjennom ei samordning det siste året. Til formannskapsmøtet i Hareid måndag blir «Pålhaugen 2» lagt ut til 2. gongs gjennomsyn. «Pålhaugen 3» er alt lagt ut.

Dei to områda ligg på kvar si side av den gamle grusvegen over Pålhaugane, den såkalla Pålhaugvegen. «Pålhaugen 2» er området på vestsida og grensar mot rulleskeisebana og Hareid stadion. «Pålhaugen 3» er det planlagde bustadområdet på austsida av Pålhaugvegen.Kritikk mot mangelfull leikeplassutbygging i «Pålhaugen 3»-planane har fått planleggaren til å legge fram eit nytt reguleringsforslag for «Pålhaugen 2». Forslaget gjer at dei to felta får ei samordna løysing.

12 tilrettelagde bustader

Området på vestsida av Pålhaugvegen har tidlegare fått innregulert tomt til prestebustad. Området har også vore vurdert som aktuelt for bygging av tilrettelagde bustader for særskilde grupper (unge vaksne med funksjonshemmingar).

I planprosessen vart denne bustadtypen først regulert inn i eit kommunalt eigt område. Men no meiner politikarane at bustadane må vere sjølveigarbustader og at reguleringsstatusen må vere «privat». Det er snakk om 12 tilrettelagde bustader som ligg i ei tunløysing med bygningar i 2 etasjar.

Konsulentfirmaet AG Plan- og arkitektur AS har hatt reguleringsoppdraget.

8 merknader

I planprosessen for bustadområdet aust for Pålhaugvegen («Pålhaugen 3») kom det inn 8 ulike merknader og innspel. Blant anna kom fylkeskommunen med ei motsegn om at leike- og utomhusareala var for små. No er dette løyst ved at austsida løyser utfordringa rundt kvartalsleikeplassen for begge planane, medan vestsida får frigjort areal til å skape tilstrekkeleg med utomhusareal i tillegg til gode utforma nærleikeplassar.

Rådmannen tilrår den framlagde løysinga og presiserer at kommunen må rekne med kostnader til utbygging av felles tekniske løysingar, grunnkjøp og leikeplass.