- Fyrste kunden er allereie ferdig, og frå klokka to kjem det største trykket, fordi vi avventa litt med bestillingane no først på dagen, seier eigar og drivar av Føhnix, John Åge Sundal, til Vikebladet Vestposten.

Han har travle dagar, og ekstra travelt blir det no den fyrste tida etter at salongen flytta ut av Blåhuset, og inn i første etasje i Sjøgata. Fredag kunne endeleg Sundal og resten av teamet juble over at det meste er på plass, og at ein igjen kan byrje å jobbe. Det blei invitert til opningsfest, med kaker og kaffi, og sjølvsagt ein hyggeleg prat.

- Gler meg til fortsetjinga

Vikebladet Vestposten tok turen innom like etter salongen hadde opna, og det var godt med folk som tok turen, både for å sjå på dei nye lokala, men også for å bestille seg time og sjå på produkt.

- Vi har veldig mykje å gjere framover, men det er berre kjekt. Det har vore ein del forseinkingar både på utstyr og montering av forskjellig, men det kjem på plass, litt etter litt. Eg trur framtida her nede blir veldig bra, og eg gler meg til fortsetjinga, seier Sundal og legg til:

- Vi er glade for at vi er først ute her nede, saman med Æra, og håpar enno fleire kjem til. Det er eit fantastisk fint område her nede, og eg trur både dei tilsette og kundane våre vil trivast godt her.