Sjøgata er i rute, og vel så det. Det gjer at den planlagde omkøyringa via Kyrkjegata i høve byggjetrinn to og tre kan bli mindre problematisk enn mange har frykta.

Vi er i rute, og vel så det. Vinteren har vore så mild at vi har hatt moglegheit til å jobbe oss meir frampå, seier Statens vegvesen sin prosjektleiar for Sjøgata, Torbjørn Vatnehol.

Då det blei kjent at Sjøgata-prosjektet ville føre til omdirigering av trafikken i Ulsteinvik, var det fleire som frykta for konsekvensane. Det har etter alt å døme gått bra, både med handelsstanden og dei som bur i området rundt byggjeplassen.

Har starta på byggjetrinn to

Den spesielt milde vinteren har ikkje gitt mykje snøfall eller bakkefrost, så arbeidet har tatt mindre tid enn planlagt. Arbeidslaget har difor kunne tjuvstarte på byggjetrinn to, sjølve grunnen til at trafikken frå Ulstein og Flø truleg kan dirigerast gjennom Sjøgata og vidare langs «nye» Sjøgata.

– Det som tek mest tid er grunnarbeidet. No byrjar det verkeleg å sjå fint ut, og denne veka byrjar vi arbeidet med å leggje asfalt, planting og skilting. Vidare blir det å halde fram arbeidet med miljøgateprofil fram til området ved Kaffikari.

Sjøgata skal etter planen vere klar i november.