– Det kriblar litt i beina. Eg har ikkje konkurrert på ei stund og då veit ein aldri korleis det er, men eg har kanskje hatt min beste treningsvinter og difor har eg også litt ambisjonar, seier Ådne Andersen nokre få dagar før NM på heimebane.

Han avslutta utandørssesongen 2016 med bronse på 800 meter og ny personleg rekord på 1500 meter under junior-NM.

– No har eg trena meir på 1500. Eg har lagt ned mykje grunnlagstrening, veldig mykje mengde, men ikkje så mykje trening på syretoleranse. Eg veit ikkje heilt korleis det vil slå ut, seier Andersen. Han legg samstundes til at han har satsa litt mot innandørssesongen, men at treninga i hovudsak er retta mot den komande utandørssesongen.

– Det blir jo den ”ekte” sesongen. Det er kjekt å springe innandørs og kjenne litt på det, men det er også små baner og større skaderisiko.

Og skader har Andersen hatt ein del erfaring med frå tidlegare.

– Dette er vel første oppkøyringa der eg har fått trent utan å ha vore plaga med skader. Eg har tidlegare slite ein del med trettheitsbrot, på ein utsett plass som ikkje toler så mykje belastning. No fekk eg ein god sesong i fjor, og har prøvd å ta litt omsyn til slike ting. Det hjelper også at intensiteten ikkje har vore så høg i treninga, sjølv om mengda har vore mykje større enn tidlegare.

Les også: Første konkurranse i Ulsteinhallen

To gongar i Sør Afrika

Både før jul og i romjula har Ådne Andersen vore på treningsleir i Sør Afrika.

– Det er for å få høgdeeffekten. Eg hadde tre veker før jul der eg ikkje var sett opp på jobb og eg var inne i ei eksamensperiode. Så då tok eg med meg skulebøkene dit og dreiv med trening og lesing. Det er litt spesielt, men eg treivst med det. I romjula var eg der saman med den treningsgruppa eg trenar med til vanleg, fortel han.

På treningsleirane har det nemleg blitt om lag 150 kilometer i veka.

– Då kan ein ikkje køyre full guts på alt, men det er bra tempo likevel.

Og treninga ser ut til å ha gitt resultat, noko som forhåpentlegvis kjem godt med når utandørssesongen tek til.

– Eg har sprunge ned terskelfarta mi, farta før ein får syre, med nesten ti sekund frå i fjor. Det er betre enn det nokon gong har vore. Problemet er at eg ikkje toler syra like godt, sidan eg ikkje har trent på det, men heller fokusert på å bygge ein god motor. Så under NM spring eg på motoren, fortel han.

Mål om medalje

Andersen seier det blir spanande å sjå kor godt utbytte han har hatt av treninga så langt.

– Det blir veldig spanande. 800 meter har vore favorittøvinga mi, men slik som forma er no så passar den kanskje betre på 1500 meter. Sidan Andersen er busett i Oslo trenar han saman med Ull/Kisa. Opphavleg har Andersen representert Hareid IL, men sidan starten på 2016-sesongen har han vore ein del av Dimna.

– Eg kjenner meg jo framleis som ein lokal løpar, og det blir spesielt å skulle konkurrere på heimebane.

Og Andersen har målsetjing om å gjere det godt framom publikum i Ulsteinhallen.

– Eg skal ta ei medalje. Det er eitt mål. Det vil vere ope, men eg trur kanskje eg kan vere blant medaljefavorittane på 800 meter. Det er noko av det som er spanande med vintersesongen. Ein veit ikkje korleis resten har trent og plutseleg kjem der ein som ”persar” ein heil del. Det kan gå begge vegar på begge distansane, trur Andersen.