Dei tre kommunane Hareid, Herøy og Ulstein toppar statistikken når det gjeld arbeidsledige i Møre og Romsdal. Det syner tal frå NAV Møre og Romsdal.

- Vi ventar at arbeidsløysa vil halde seg høg fram mot sommarferien. Det at verft i fylket har fått nokre større kontraktar, vil etter det vi forstår ikkje materialisera seg i vesentleg auke i behov av arbeidskraft før ut på hausten, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.

Hareid har den prosentvis største arbeidsløysa i fylket, med 6,3 prosent ledige. I alt er det 174 heilt ledige i Hareid, 122 menn og 52 kvinner. Dette er 26 fleire enn månaden før og 38 fleire enn for eit år sidan.

Ulstein ligg som nummer to med 6,1 prosent heilt ledige. Dette utgjer 280 personar, 207 menn og 73 kvinner. Dette er ei endring på 43 heilt ledige i høve til desember og heile 88 fleire i høve til året før.

I Herøy er 5,8 prosent av arbeidsstokken heilt ledige, noko som inneber at 276 personar er utan arbeid. Dette fordeler seg på 180 menn og 96 kvinner. Talet på heilt ledige i Herøy har gått opp med 67 frå desember til januar, noko som også inneber ein auke på 63 ledige i høve til året før.

I dei minste kommunane, Sande og Vanylven, er situasjonen ein litt annan. Rett nok har Sande ei arbeidsløyse på 3,9 prosent. Dette betyr 56 personar heilt utan arbeid, 40 menn og 16 kvinner. Dette er likevel berre seks fleire enn ved utgangen av desember og berre fire fleire enn i januar i fjor.

Vanylven har ein arbeidsledig mindre ved utgangen av januar i år enn dei hadde ved samme tidspunkt i fjor, men ti fleire enn månaden . I alt er det 47 ledige i Vanylven, 38 menn og ni kvinner, noko som utgjer ein arbeidsløyseprosent på 2,8.