Hareid enda sist i 3.-divisjon, medan Hødd 2 tok sjetteplassen. At Hareid-spelarane dominerer stjernetoppen skuldast nok i stor grad at det har vore færre som har representert dette laget enn Hødd 2 i årets sesong. Hødd har nytta 44 spelarar mot Hareid sine 30. Hareid har seks spelarar som har vore på bana i meir enn 20 av dei 26 seriekampane. Det har berre Henrik Gjengår gjort på Hødd 2. 17 Hareid-spelarar har fått stjerner i Vikebladet Vestposten i år, mot 30 Hødd 2-spelarar.

Vagn Scheide Mork har neppe spelt sin jamnaste og beste sesong i Hareid, men veteranen har notert seg for sju-åtte kampar der han verkeleg har stått fram på sitt beste nivå. Ikkje minst dei få kampane Hareid har keeperen vore viktig.

Topp 10:

1. Vagn Scheide Mork, Hareid (22)

2. Marius Rise, Hareid (21)

3. Christian Mork, Hødd (18)

4. Kim-Tore Husøy, Hareid (17)

5. Ronny Jørgensen, Hareid (15)

6. Thor-Ove Brekke, Hareid (14)

7. Michael Karlsen, Hødd (11)

7. Jan Lennart Urke, Hødd (11)

7. Georg Eikrem Olsen, Hareid (11)

10. Thomas Lid Kleppe, Hødd (9)

Satsar på nytt

– Å få denne prisen er vel ei fallitterklæring. Eg har jo sleppt inn mange mål denne sesongen (90). Men klart. Eg har jo hatt ein del redningar også. Neste år håper eg på fleire poeng og mindre å gjere, seier Vagn Scheide Mork.

– Så no satsar du på ein ny sesong?

– Ja, eg og spelargruppa er klare for ny satsing under Kisse (Hans Gisle Holstad). Å få inn nye tankar, nytt spelemønster og god gammal disiplin er akkurat det vi treng no. Eg meiner vi har vore veldig heldige med val av trenar, og trur vi no vil få eit nytt løft, meiner Mork.

Som går for å spele ned Lars Atle “Lasse” Flø frå toppen adelskalenderen. Etter årets sesong ligg Mork 96 kampar bak Flø.

Robin på topp

Robin Hjelmeseth vart lokal toppscorar i 3.-divisjon. Det trass i at han i sommar var leigd ut til AaFK 2 i 2.-divisjon, der han scora tre mål. Hjelmeseth rakk likevel å spele 15 Hødd 2-kampar, og å score ti mål i 3.-divisjon. Bak Hjelmeseth på lista var det jamt.

Topp fem:

1. Robin Hjelmeseth, Hødd (10)

2. Ronny Jørgensen, Hareid (8)

2. Markus Hjorthaug, Hødd (8)

2. Christian Mork, Hødd (8)

5. Kim-Tore Husøy, Hareid (7)

Misnøgd med hausten

– Nøgd med sesongen, Robin?

– Eg starta sesongen bra. Hadde ein god vinter spelte bra fram til sommaren. Så vart eg leigd ut til AaFK, og det gjekk ikkje heilt som forventa. Eg fekk nokre negative opplevingar der, og nokre av uvanane tok eg med meg tilbake til Hødd. Eg har ikkje levert gode nok kampar i haust. At eg både i AaFK og Hødd har blitt flytta rundt om på laget har heller ikkje hjelpt på sjølvtilliten. Men eg avslutta i alle fall sesongen bra med to mål for Hødd 2 mot EOIL.

– Spelar du i Hødd også neste år?

– Det veit eg ikkje enno, seier Robin.

Fakta

Vikebladet Vestposten deler ut pokal til beste spelar for alle senior 11-arlaga i Hareid og Ulstein. Vinnaren er den som endar opp med flest stjerner i referata våre (for Hødd a-lag sin del beste børssnitt).

* 1.-divisjon: ?????

* 2.-divisjon: Ragnhild Ertesvåg (Hødd)

* 3.-divisjon: Vagn Scheide Mork (Hareid)

* 5.-divisjon: Ruben Muren (Hasundgot)

* 6.-divisjon: Torstein Vattøy (Flø)

----

Vi deler også ut pokal til mestscorande lokale spelar i divisjonane vårt dekningsområde har med fleire lag.

* 3.-divisjon: Robin Hjelmeseth (Hødd 2)

* 6.-divisjon: Christer Adrian Mork (Hareid 2)