I ei mindre pressemelding fortel Møre og Romsdal fylkeskommune at Fylkesmannen blir vertsskap for 115 nye statsborgarar i Møre og Romsdal. Dei nye statsborgarane er busett frå Sande i sør til Halsa i nord.

218 inviterte gjestar

I alt er dei busett i 29 kommunar i fylket og kjem frå 40 ulike land. Saman med dei nye statsborgarane er det også invitert 218 gjestar til seremonien, opplyser fylkeskommunen i pressemeldinga.

Arrangementet går føre seg i Bjørnsonsalen på Rica Seilet Hotel, og vil vare i om lag ein og ein halv time. Fylkesmann Lodve Solholm vil halde tale for dei inviterte. Andre talarar er mellom anna forfattar Edvard Hoem og stortingsrepresentant Torgeir Dahl.

Inn i det norske fellesskapet

Statsborgarseremonien vart innført som ny markering i Noreg i 2007. Med denne seremonien vil den norske stat ynskje dei nye borgarane velkomne og markere at nye medlemmer takast opp i det norske fellesskapet.