Hødd starta fredag oppkøyringa til 2017-sesongen med årets første treningskamp. 3.-divisjonslaget Spjelkavik var motstandarar på Høddvoll, og opninga på kampen viste at det var godt for Hødd at det framleis er nokre månadar til seriestart.

Dei første ti minutta var det nemleg Spjelkavik som hadde mesteparten av spelet, men utan å skape noko til sjansar.

Den første moglegheita i kampen var det Magnus Myklebust som stod for då han kom til skot frå hjørnet av 16-meteren etter vel 15 minutt, men keeper fekk slått ballen til hjørnespark.

Ein av kveldens debutantar, Gustav Dimmen, var nære ved å sende Hødd i leiinga etter 25 minutt, men avslutninga frå kort hald gjekk til side for mål. Hødd stilte, i tillegg til Dimmen, også med Elias Flø frå start, medan Preben Sætre, som har trena med Hødd dei siste vekene også var i startoppstillinga.

Dei første 45 minutta var i stor grad prega av at det framleis er svært tidleg i sesongen, og sjølv om Hødd etablerte eit overtak i banespelet, så var det ingen av laga som skapte særleg med moglegheiter. Spelet var også prega av manglande rytme og ein del slurv i pasningspelet.

Til den andre omgangen kom Hødd på bana med eit endå yngre lag, der Peter Hasund og Sondre Beite kom inn for Bendik Torset og Magnus Myklebust.

Beite var også nære ved å sette opp Gustav Dimmen på ei bra moglegheit allereie eit par minutt ut i den andre omgangen, men angriparen fekk ikkje foten på framspelet.

Men det var faktisk Spjelkavik som fekk den beste starten også i den andre omgangen. Spesielt etter om lag 60 minutt spel var Vika farleg frampå, og fekk fleire gode skotmoglegheiter, men utan teljande resultat.

I staden fekk Hødd nettsus like før 70 spelte minutt. Torbjørn Kallevåg spelte fram Robin Shroot, som vart felt i det han skulle avslutte og dommar peika på straffemerket. Derfrå var Torbjørn Kallevåg sikker og sende Hødd i leiinga med 1-0.

No løfta Hødd seg litt framover i bana og sette opp fleire halvsjansar, mellom anna ved Sondre Beite. Sindre Eid fann også rom til å sette inn Bam Hide og Sander Djupvik.

Benjamin Kaldhol, som tidlegare har vore ein del av dei aldersbestemte laga i Hødd, kom inn for Spjelkavik dei siste 20 minutta. Han fekk også umiddelbart noko å gjere etter at Hødd rulla opp eit fint angrep, men avslutninga frå Robin Shroot overlista ikkje keeperen.

Fleire mål blei det ikkje på Høddvoll og Hødd vann dermed sin første treningskamp for sesongen, men utan å imponere meir enn nødvendig. Laget må truleg opp fleire hakk før møtet med Aalesund om ei veke.

Hødd: Jan-Lennart Urke (Ståle Remøy Pettersen 75) – Martin Mork Breivik, Hugues Wembangomo, Steffen Moltu, Preben Sætre -  Bendik Torset (Peter Hasund 46), Elias Flø (Sander Djupvik 72), Torbjørn Kallevåg – Magnus Myklebust (Sondre Beite 46), Robin Shroot, Gustav Dimmen (Bam Hide 72).