Dette gjeld dei fire siste av i alt seks ankerhandteringsfartøy som byggast ved Kleven Verft, og som Kleven skal levere til Maersk. Den første er alt levert. Ifølgje verftskonsernet ser partane på dette som den beste løysinga slik marknaden er for slike skip i dag.

- Våre bankar, GIEK og utstyrsleverandørar har vore positive bidragsytarar til å få til ei god løysing, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Fire skip må vente

Det første fartøyet blei som sagt levert i mars i år, medan fartøy nummer to skal leverast i slutten av juni. Dei tre neste fartøya skal etter ny avtale leverast i løpet av 2018, og det siste i byrjinga av 2019. Det er dei fire siste som blir råka av utsetjinga.

- Vi har hatt svært stort trykk på anlegget over lengre tid. Utsettinga vil gje oss eit jamnare trykk i produksjonen og betre kapasitetsutnytting. Det er positivt, seier Rasmussen.

Fører til permitteringar

Konsernet melder at bemanninga på Kleven Verft dei siste åra har vore rekordhøg.

Dette vil no verte redusert, og det vil bli permitteringar i enkelte avdelingar i periodar, skriv Kleven pressemeldinginga.

Det blir derimot ikkje oppgitt kor mange som må permitterast.

Til Vikebladet Vestposten seier kommunikasjonssjef i Kleven, Ellen Kvalsund, at ein ikkje på noverande tidspunkt veit spesifikt kven og kva område innanfor drifta desse permitteringane rammar.

– Nei, det er for tidleg å seie noko meir om omfanget. Vi er no i drøftingar med fagforeingane kring dette, seier Kvalsund.

Ho fortel også at permitteringane gjeld dei som er fast tilsette.

– Permitteringane gjeld eigne tilsette, ja. Når det gjeld innleigefirma er det eigne prosessar som blir køyrde, seier ho til slutt.