Ståle Hovden frå prosjekteringsselskapet Hamsto fortalde at i møtet med dei seks ulike aktørane kom det tydeleg fram at motivasjonen deira for å vere med å byggje helsehus i Hareid ligg i at dei ønskjer byggjearbeid.

Ingen av dei seks som har meld si interesse var reine utviklarar.

Det har vore diskutert om det kan vere mogleg å reservere førsteetasjen i helsehuset til forretningar, og at det i øvste, eller dei to øvste etasjane, er bustader. Men her er det ikkje konkludert.

Oskar Grimstad (Frp) kritiserte at det framleis ikkje er klart kva funksjonar som skal inn i bygget.

Ordførar Anders Riise (Høgre) svara at det har vore møte med Nav, og dei skal snart ha møte med distriktstannklinikken for å få ei avklaring om dei skal inn.

Hovden rådde formannskapet til å gå for samspelmodellen med veldig tidleg involvering. Det er ikkje nokon glansbiletemodell, men han trur det er den modellen som best dekkjer ønska som er der. Då får Hareid løpande momskompensasjon for sin del.

Hareid formannskap vedtok så denne modellen.