I ei pressemelding frå Hødd onsdag går det fram at Steffen Moltu har signert ei ny toårskontrakt med klubben. Moltu har spelt 172 kampar og scora 13 mål for Hødd. Dei siste to sesongane har han og Jesper Törnqvist vore på bana kvart minutt i serien.

- Eg trivst veldig godt i Hødd, og ser verkeleg fram til minst to nye sesongar i Hødd-drakta. Ingen tvil om at det blir spesielt i 2015 når vi skal flytte inn på Nye Høddvoll, det er noko vi alle gleder oss veldig til. Vi har eit spennande lag på gang, dyktige og engasjerte trenarar og det skjer ellers mykje bra i og rundt Hødd om dagen, seier Moltu i pressemeldinga.

Sportsjef André Nevstad seier at Moltu har vore ein solid og god spelar for Hødd sidan han kom til klubben før 2011-sesongen.

- Han har utvikla seg til å bli ein veldig sentral spelar for oss, både på og utanfor bana. Steffen er 28 år og har sine beste fotballår framom seg, meiner Nevstad.