Torsdag kveld vart det vedteke å innføre eigedomsskatt i Ulstein kommune. Administrasjonen i Ulstein har dei siste åra gått inn for dette i sine framlegg til budsjett, men tidlegare har fleirtalet i kommunestyret funne andre løysingar i løpet av budsjetthandsaminga.

Slik blei det ikkje i år, då eit fleirtal frå Frp, Ap, KrF og Sp gjekk saman om eit felles budsjettframlegg der eigedomsskatten var tatt inn. Venstre og Høgre hadde kvar sine alternative budsjettframlegg, utan eigedomsskatt, men desse fekk berre partia sine eigne stemmer.

– Ikkje hyggeleg

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) kjem frå eit parti som ikkje er spesielt glade i eigedomsskatten. Difor var det også noko spesielt for ordføraren å gå inn for eit slikt budsjett.

– Ja, det var det. Det er ikkje hyggeleg. Samstundes var vi i valkampen ærlege på at vi ikkje kunne sjå bort frå det. Vi har skrive det i programmet vårt og har vore klare og tydelege på dette. For vår del er det heilt avgjerande at kommunen framleis har musklar til å utvikle seg. Det trur eg også innbyggjarane våre ser, at ein er heldige som bur i ein kommune som har musklar til å utvikle seg og til å vere flaggskip i mange samanhengar, fortel Engh.

Men heller ikkje i kommunestyregruppa til Frp var det einigheit i innføringa av eigedomsskatten, og Engh legg ikkje skjul på at det har vore ei vanskeleg sak for partiet.

– Det har vore veldig vanskeleg! Dette strir eigentleg imot alt vi står for, men det er også viktig å vere realistiske. Vårt overordna mål er å rydde opp i økonomien. Ulstein skal ikkje bli noko Robek-kommune. Vi skal vere ei framoverlent kommune, slår ordføraren fast.

Gjeld og sviktande skatteinntekter

Den framoverlente haldninga til administrasjonen og politikarane har ført til at Ulstein kommune mellom anna har fått gjennomført ei rekkje store prosjekt dei siste åra. Samstundes har det ført til at kommunen si lånegjeld har blitt svært stor.

Har ein vore for offensive?

– Ja, mange vil nok seie det. Og det er ikkje tvil om at grunnen til at vi må innføre eigedomsskatt er at vi har vore så offensive. Vi har i utgangspunktet ei god drift, sjølv om det er mogleg å hente meir også der, men det er den store gjelda som dreg oss i denne retninga, saman med sviktande skatteinntekter. Det er difor vi er der.

Sjølv om det no blir innført eigedomsskatt i Ulstein, betyr ikkje det at kommunen kan sleppe laus pengebruken. Under kommunestyret torsdag var det stor einigheit i dei ulike partia om at kommunen må drive på ein forsvarleg og nøktern måte i tida framover.

– Det er veldig bra at kommunestyret greier å samle seg om det, at ein har eit stort behov for å spare pengar og effektivisere. Då er berre diskusjonen kva ein trur på av utvikling når det gjeld inntekter og kor mykje ein bør ha liggande på fond, fortel Engh.