Hareid formannskap var torsdag ettermiddag kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte. På sakskartet stod bruksendring av Melshorn Hotell. Dette fordi hotelleigar Linda Haddal Røssevoll har søkt om å få bruke hotellet til asylmottak for einslege, mindreårige flyktningar.

Dårleg tid

Linda Haddal Røssevoll seier til Vikebladet Vestposten at ho leverte inn til Hareid kommune søknaden om bruksendring 12. april.

- For meg er det eit problem at UDI i Trondheim må ha søknaden min i hende seinast onsdag i neste veke klokka 12.00 Og eg kan ikkje søkje utan at eg har fått løyve til bruksendring, forklarer Haddal Røssevoll.

Nytt møte komande måndag

Hareid formannskap gjorde vedtak om å utsetje saka. Ho skal opp til ny handsaming komande måndag klokka 14.30.

Tek fly til Trondheim tysdag

- Men eg torer ikkje satse på at UDI får brevet i hende innan onsdag klokka 12.00. Så eg har derfor tinga meg fly til Trondheim tysdag morgon, fortel Haddal Røssevoll.

Viss formannskapet  måndag går inn for bruksendring, får ho 3. juni vite om UDI seier ja til at det kan etablerast eit mottak for einslege, mindreårige flyktningar på Hareid. Og då har ho tre veker på seg til mottaket skal opnast  1. juli.

Ekstraordinært formannskapsmøte: