I Ulstein kommune er det ikkje folkerøysting om kommunane Hareid og Ulstein skal slå seg saman, men ulsteinordførar Knut Erik Engh har fått med seg resultatet frå folkerøystinga i Hareid i dag.

 – Er du skuffa?

– Eg hadde håpt på eit anna resultat. Eg tar det til etterretning, svarer han.

Engh er ganske ordknapp i kveld. Han fortel at innbyggjarhøyringa i Ulstein framleis ikkje er ferdig. Opinion driv framleis og ringjer rundt til innbyggjarane i Ulstein, det vil dei gjere ut veka. No håpar Engh at resultatet frå Hareid ikkje vil påverke innbyggjarane i Ulstein.

Sidan Ulstein framleis held på med innbyggjarhøyringa si, vil han førebels ikkje seie stort meir i denne saka.