- Ein kjempedag for Hødd, og veldig godt å få desse på plass før jul, seier trenar Sindre Eid etter at tre spelarar signerte nye avtalar med Hødd tysdag.

Det er Hødd som skriv om trippelsigneringa på sine nettsider.

Eid omtalar alle tre som viktige spelarar for Hødd.

- Magnus Myklebust er berre 31 år ung, og er voldsomt motivert etter skada som heldt han ute det meste av 2016-sesongen. Med si erfaring vert han ein nøkkelspelar dei komande sesongane, seier Eid og legg til:

- Jesper Törnqvist er leiaren i gruppa både på og utanfor bana. Ein botnsolid stoppar som ein alltid kan stole på. Martin Mork Breivik er ein lokal unggut som skal få sitt gjennombrot i 2017-sesongen, seier ein glad hovudtrenar.

Sportssjef Andrè Nevstad har som nemnt signert alle tre på toårskontrakter.

Det er dermed to 31-åringar og ein unggut som har signert nye kontrakter med Hødd.

Jesper Törnqvist har vore kaptein for Hødd dei siste åra, og var ein fast brikke i Hødd-laget frå 2013 til 2015, men fekk mindre speletid denne sesongen. No er finnen klar for to nye sesongar i Hødd.

Magnus Myklebust returnerte til Hødd før 2015-sesongen og var ein viktig mann for Hødd då. Denne sesongen måtte han dessverre sjå mykje av sesongen frå tribuneplass etter ei alvorleg skade borte mot Kristiansund.

Tredjemann med ny kontrakt er Martin Mork Breivik. Hareidsdølen skal ifølgje Eid få sitt gjennombrot for Hødd den komande sesongen. Mork Breivik har mellom anna vore involvert i tre cupkampar for Hødd, men har så langt berre fått ein sjanse i seriespel for Hødd. Det var borte mot Mjøndalen i slutten av juni. Mork Breivik har også spelt nærare 85 kampar for Hødd 2 sidan han kom til klubben i 2014. Han fekk si første A-kontrakt med Hødd før 2016-sesongen, og er no klar for to nye år i blåkvitt.