- Det er ikkje sjølvsagt at alle har råd til eigen bustad.  Spesielt ikkje for folk i etableringsfasen, eller viss du har berre ei inntekt, kommenterer Nils Erik Skeide, salsansvarleg i Constructer AS.

Blink Hus og Constructer kan derfor bidra med kravet til eigenkapital som bankane krev ved kjøp av bustad.

- Gjennom "Etableringshjelpa" kan vi låne kundar opp til 15 prosent av kjøpsverdien som eigenkapital i opptil fem år rentefritt. For dette krev vi berre at banken til kunden finansierer det restrerande og at dette lånet er eit nedbetalingslån, forklarer Skeide.

Han meiner dette vil vere ein fin nøkkel til vegen inn i bustadmarknaden for mange som klart har betalingsevne, men som av ulike årsaker ikkje har nok eigenkapital til å kunne kjøpe sin eigen bustad.

Tilbodet om "Etableringshjelp" gjeld i første omgang for prosjektet Foreininga.

- Vi meiner at både pris og plassering for dei 14 leilegheitene i dette prosjektet, som vart ferdig i 2012 og ligg midt i hjartet av Ulsteinvik, bør appellere til mange.

Dersom "Etableringshjelpa" blir tatt godt imot, vil det bli ei løysing som selskapet ønskjer å legge til fleire av prosjekta sine.

- Historia har vist at det å eige er smartare enn å leige. I ei tid då pilene den eine dagen peikar oppover, og den andre dagen ned, har vi uansett behov for brød, toalettpapir og ei varm seng. Med "Etableringshjelpa"kan fleire blir smartare, seier Nils Erik Skeide.