Ulstein, som er under bygging, blir klassifisert med Skatteetaten får følgjer for økonomien til både bygget og drifta av bygget.

Blir badeanlegget klassifisert som opplevingssenter blir det rekna meirverdiavgift (moms) på inngangsbillettane til badet. Om det ikkje er eit opplevingssenter blir det billettinntekter utan moms, men då kan kommune heller ikkje trekkje ifrå momsen.

Assisterande rådmann fortel til Vikebladet Vestposten at Ulstein kommune har hatt ein advokat til å sjå på saka for seg. Han meiner det komande badeanlegget i Ulsteinvik oppfyller krava til opplevingssenter.

Men det er ikkje Skatteetaten samd i.

– Skattekontoret legg framleis til grunn at det blir kravd noko meir med omsyn til tilbod og aktivitetar enn det badeanlegget i Arena Ulstein tilbyr i dag for at badet skal bli sett på som eit opplevingssenter, skriv dei i brev til kommune.

Underskrivar av brevet vil ikkje kommentere saka til Vikebladet Vestposten, då lokalavisa ikkje er part i saka.

– Ikkje badeland

Ulstein kommune har heile vegen vore klar på at badeanlegget i Arena Ulstein ikkje skal vere noko badeland. Det er naudsynte basseng for å drive symjeopplæring av skuleelevar. Samtidig skal det vere eit fritidsbad med attraktive fasilitetar.

Kultursjef Leif Ringstad kommenterer til Vikebladet Vestposten at det er vanskeleg å så svar på kvar grensa går for om badeanlegget er eit opplevingssenter eller ikkje.

Får momsrefusjon for skuledelen

Larsen og Ringstad slår fast at kommunen uansett får att ein del i moms, på grunn av at badeanlegget blir nytta i skulesamanheng, men kor mykje er framleis uvisst.

Larsen trekkjer parallellar til Ulsteinhallen som både blir brukt til undervisning og utleige. Der får kommunen att moms for den kommunale bruken, medan dei får tilbake moms etter eit anna regelverk for utleige.

Her er ulike regelverk og måtar å organisere seg på, forklarer Larsen. Kommunen har førebels ikkje konkludert kva dei gjer vidare. Og det har heller ikkje Skatteetaten.